Baudissinbreen
Baudissinbreen | |||
isbre | |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Stad | Heardøya | ||
- koordinatar | 53°2′S 73°26′E / 53.033°S 73.433°E | ||
Munning | vestsida av Corinthian Bay ved Sealers Cove | ||
Tjukkleik | 55 m | ||
Status | I tilbaketrekking[1][2][3][4][5] | ||
Baudissinbreen 53°02′00″S 73°26′00″E / 53.0333°S 73.4333°E |
Baudissinbreen er ein isbre på nordsida av Heardøya[6] i det sørlege Indiahavet. Han ligg kring 2 km vest for Challengerbreen og er 3 km brei. Han flyt ut i vestlege delen av Corinthian Bay. Fronten av Baudissinbreen ligg på vestsida av Corinthian Bay, ved Sealers Cove.[6][7] Aust for Baudissinbreen ligg Challengerbreen, som endar på austsida av Corinthian Bay, like vest for Saddle Point. Sør for Baudissinbreen ligg Schmidtbreen og i nordvest Atlas Cove. Kildalkey Head ligg vest for Schmidtbreen. Sør for Schmidtbreen ligg Vahselbreen, som endar i South West Bay, mellom Erratic Point og Cape Gazert. Like sør for Vahselbreen ligg Allisonbreen.
Baudissinbreen vart først skissert i dei vitskaplege rapportane frå ekspedisjonen til HMS «Challenger» i 1874 langs nordsida av øya.[6] Den tyske antarktisekspedisjonen under Erich von Drygalski i 1901–03 synte ein enkelt, stor isbre som flaut ut i Corinthian Bay og namngav denne etter admiral grev Friedrich Baudissin, ein sponsor for ekspedisjonen.[6] I 1948 oppdaga ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) at det var meir enn ein isbre som munna ut i Corinthian Bay. Australian Antarctic Names and Medals Committee (ANCA) tilrådde i 1954 at Baudissinbreen vart nytta som namn på den vestlegaste og største av desse isbreane.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Baudissin Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 28. desember 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Baudissinbreen» (innhald frå Geographic Names Information System).
- ↑ Ian F. Allison; Peter L. Keage (1986). «Recent changes in glaciers of Heard Island». Polar Record 23 (144): 255–272. doi:10.1017/S0032247400007099. Henta 28. desember 2013.
- ↑ Andrew Ruddell (25. mai 2010). «Our subantarctic glaciers: why are they retreating?». Glaciology Program in Antarctica CRC and AAD. Arkivert frå originalen 2. oktober 2009. Henta 28. desember 2013.
- ↑ Quilty, P.G.; Wheller, G. (2000). «Heard Island and the McDonald Islands: A window into the Kerguelen Plateau (Heard Island Papers)». Pap. Proc. R. Soc. Tasm. 133 (2): 1–12.
- ↑ Budd, G.M. (2000). «Changes in Heard Island glaciers, king penguins and fur seals since 1947 (Heard Island Papers)». Pap. Proc. R. Soc. Tasm. 133 (2): 47–60.
- ↑ Douglas E. Thost; Martin Truffer (februar 2008). «Glacier Recession on Heard Island, Southern Indian Sea». Arctic, Antarctic, and Alpine Research 40 (1): 199–214. doi:10.1657/1523-0430(06-084)[THOST]2.0.CO;2. Arkivert frå originalen 4. desember 2012. Henta 28. desember 2013.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 «Baudissin Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior.
- ↑ «Baudissin Glacier». Australian Antarctic Data Centre. Henta 28. desember 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Klikk her Arkivert 2014-02-11 ved Wayback Machine. for å sjå eit kart over Heard- og McDonaldøyane
- Australian Antarctic Division
- Australian Antarctic Gazetteer Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine.
- Composite Gazetteer of Antarctica
- Australian Antarctic Names and Medals Committee (AANMC)
- Scientific Committee on Antarctic Research (SCAR) Arkivert 2010-08-18 ved Wayback Machine.