Hopp til innhald

Bassbaryton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Songrøyster
Kvinnerøyster Mannsrøyster
Rekkevidda til ein sopran
Sopran (S)
Rekkevidda til ein tenor
Tenor (T)
Rekkevidda til ein mezzosopran
Mezzosopran
Rekkevidda til ein baryton
Baryton
Rekkevidda til ein alt
Alt (A)
Rekkevidda til ein bass
Bass (B)
'Draum' av Denis Sitsjynskyj, framført av bassbarytonen Pavlo Hunka.

Bassbaryton er ei røyst som ligg mellom baryton og bass. Bassbarytonen syng ofte både baryton- og bassroller.

Omgrepet voks fram seint på 1800-talet for å skildra den særskilde typen røyst ein trengde for å synga tre Wagner-roller: Hollenderen i Der fliegende Holländer, Wotan/Vandraren i Ring-syklusen og Hans Sachs i Die Meistersinger von Nürnberg. Wagner kalla desse rollene Hoher Bass ('høg bass', sjå fach for meir).[1] Mange klassiske barytonroller i operaer av Mozart, som Don Giovanni, Figaro og Gugliemo, blir i dag typisk framført av bassbaritonar sjølv om dei blei skrivne før omgepet «baryton» kom i bruk.[2] Gilbert and Sullivan sine Savoy-operaer hadde ofte ein komisk bassbaryton-figur for å nytta Richard Temple, eit av medlemmene av D'Oyly Carte-kompaniet.

Nokre kjende bassbarytonar er Ian Curtis, Bryn Terfel, Ulf Lundmark, Erik Saed, Bengt Krantz, Arne Hasselblad, James Morris, Ferruccio Furlanetto og Samuel Ramey.

Nokre operaroller som ofte blir utført av bassbaryton (nokre gonger av høge bassar):


Grunnleggjande bassbarytonroller i opera:


Bassbarytonroller i verk av Gilbert and Sullivan:

Andre bassbarytonroller:


  1. Stark, James (2003). Bel Canto: A History of Vocal Pedagogy. University of Toronto Press. ISBN 978-0-8020-8614-3. 
  2. «Bryn Terfel Opera Repertoire». Harlequin Agency Limited. 18. juni 2008. Henta 18. juni 2008.