Bartosz Piasecki
Utsjånad
Bartosz Piasecki | |
Statsborgarskap | Noreg, Polen |
Fødd | 9. desember 1986 (37 år) Tczew |
Idrett | Fekting |
Tok del i | Fekting under Sommer-OL 2012 – Kårde menn |
Utmerkingar | Fearnleys olympiske ærespris |
Bartosz Piasecki (fødd 9. desember 1986 i Tczew) er ein norsk fektar. Piasecki fektar for Bygdø Fekteklubb. Trenaren hans er faren Mariusz Piasecki som tidlegare var nasjonal fektar for Polen.
I 2009 tok Bartosz Piasecki bronse under U23-EM i fekting i Debrecen. I juni 2012 kom han på 16. plass under EM i fekting i Italia.[1] Piasecki deltok i OL for fyrste gong under sommar-OL 2012 i London.[2] Den 1. august 2012 greidde han som fyrste nordmann nokonsinne å ta olympisk sølv i fekting. Gullmedaljen gjekk til Ruben Limardo Gascon frå Venezuela.[3] Gullet vart den fyrste medaljen i London-OL for Venezuela.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bartosz Piasecki» frå Wikipedia på bokmål, den 31. juli 2012.
- Fotnotar