Barthélemy d'Eyck
Barthélemy d'Eyck | |
Statsborgarskap | Fyrstbispedømet Liège |
Fødd | 1420 Fyrstbispedømet Liège |
Død |
1470-åra |
Yrke | kunstmålar, miniatyrmaler |
Barthélemy d'Eyck på Commons |
Barthélemy d'Eyck, van Eyck eller d' Eyck[1] (ca. 1420–etter 1470),[2] var ein tidleg nederlandsk kunstnar som arbeidde i Frankrike og truleg i Burgund som målar og illuminatør av manuskript. Han var aktiv mellom ca. 1440 og ca. 1469.[3]Sjølv om ingen overlevande verk kan stadfestast som hans, blei han rosa av samtidige forfattarar som ein leiande kunstnar i si tid, og ei rekkje viktige verk er generelt aksepterte som hans. Ikkje minst er Barthélemy akseptert av dei fleste ekspertar som kunstnaren som tidlegare var kjent som «Meisteren av Aix-kunngjeringa» for måleri, og «Meisteren til René av Anjou» for illuminerte manuskript.[4] Han blir av mange tenkt å vera «Meisteren av skuggane» som er ansvarleg for deler av kalenderen i Les Très Riches Heures du Duc de Berry.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Det er truleg at Barthélemy var i slekt med Jan van Eyck, men dette kan ikkje dokumenterast.[5] Stefaren hans var ein tekstilhandler som følgde René av Anjou til Napoli og Sør-Frankrike. Mora hans døydde i 1460, og blei omtalt som «Ydria Exters d'Allemagne» - det vil seia «frå Tyskland», som vel kunne ha inkludert heile Nederland for provençalarane.
Nokre forskarar har meint det er mogleg at Barthélemy fekk opplæring i verkstaden til Jan van Eyck, av stilistiske grunnar i tillegg til den trulege familierelasjonen. På 1430-talet verka han på Milano-Torino-tideboka, eit kjent og viktig illuminert manuskript der det er funne spor etter fleire ulike kunstnarar. Mykje av denne boka overlever berre i svart-kvitt fotografi etter at Torino-delen blei øydelagd i ein brann i 1904.[6] Ein målar som berre blei kalla «Barthélemy» er dokumenter å ha verka i Dijon for Philip den gode av Burgund i 1440; dette kan godt ha vore han. René av Anjou, som skulle bli den viktigaste støttespelaren til Barthélemy, hadde vore i fangenskap hjå Philip. I 1444 var Barthélemy d'Eyck i Aix-en-Provence i Sør-Frankrike, truleg i samarbeid med den leiande franske målaren Enguerrand Quarton, ettersom dei var vitne til eit juridisk dokument saman.
Aix-kunngjeringa, som er datert frå 1443 til 1445, er no vanlegvis akseptert som å vera måla av Barthélemy. Det er eit triptykon som no er delt opp mellom Aix-en-Provence, Brussel, Amsterdam og Rotterdam (eit av sidepanela er blitt skore i to). Verket kombinerer påverknad frå tidlege nederlandske kunstnarar som Robert Campin og Jan van Eyck med den til Claus Sluter, som verka i Dijon, og den til Colantonio frå Napoli (sjølv om nokon meiner påverkinga gjekk andre vegen i høve til denne siste). Mange av dei ikonografiske detaljane følgjer dei frå kunngjeringsmåleri av Jan van Eyck og hans sirkel, slik som i Washington-kunngjeringa. I lag med eit portrett datert 1456 (Lichtenstein-samlinga i Wien) og eit fragment med ein liten krossfesta kristusfigur i Louvre er dette det einaste overlevande panelmåleriet som er knytt til han; dei fleste av dei seinare verka hans er illuminerte manuskript tinga av René av Anjou.
René av Anjou var ein prins frå Valois-familien som hadde ei komplisert rekkje titlar og tronkrav, inkludert som konge av Napoli, men herfrå blei han kasta ut av huset Trastámara i 1442. Det finst spor av at Barthélemy truleg drog til Napoli, eller at verka hans var kjende der, ettersom innverknaden hans er blitt oppdaga i verk av napolitanske kunstnarar Niccolò Antonio Colantonio og Antonello da Messina. René føretrekte å bu i territoria sine i Sør-Frankrike, eller i Loiredalen, og var ein diktar og amatørkunstnar med eit visst talent. I lang tid blei han tillag manuskriptillumineringane som no generelt blir tilskrivne Barthélemy. Frå rundt 1447 opptrer Barthélemy i overlevande dokument som paintre et varlet de chambre (målar og kammertenar), dei same stillingane som Jan van Eyck hadde hjå Filip II av Burgund (og Limbourg-brørne hadde hjå hertugen av Berry). Ein «varlet de chambre» var ei hoffstilling av betydeleg status som personleg assistent til René. Barthélemy reiste med René til Guyenne og ved fleire høve til Anger. Mellom 1447 og 1449 var arbeidsrommet hans ved sida av dei private romma til René, noko som tyder på ei betydeleg og uvanleg grad av nærleik til mesenen hans. Den siste gongen han opptrer i dokumenta er i 1469, då han fekk løn for seg sjølv, pluss for tre tenarar eller assistentar, og tre hestar. Det finst nokre bevis for at han levde fram til 1476.[6]
Manuskript
[endre | endre wikiteksten]Overlevande illuminerte verk som er tilskrivne Barthélemy inkluderer ei tidebok (M.358) i Morgan Library i New York, som Quarton òg arbeidde på, og fem miniatyrar som blei lagt til The London Hours of René of Anjou i British Library som er svært personleg og intens tilknytte den vanskelege tida til René medan han var fengsla i Dijon. Harthan har foreslått at designa av desse kan ha vore skissert av René sjølv for Barthélemy til å utføra: «the faithful interpreter of the King's exalted ideas, an inseparable, discreet companion and the effective partner, perhaps, in joint artistic enterprises.»[7] [1].
Dei to best kjende manuskripta er Livre du cueur d'amour esprit og Théséide, begge i Wien (Österreichische Nationalbibliothek, Codex 2597, 2617), datert frå 1460 til 1470, med høvesvis seks og sju miniatyrar. Livre du cueur d'amour esprit var ein høgallegorisk roman som svært trurleg blei skriven av René. Han har plass til 29 miniatyrar til, og desse er alle gjort ferdige i eit anna manuskript av ein mindre talentrik kunstnar, turleg etter Barthélemy sine teikningar.[2] Denne riddarlege allegoriske romansen kjem frå nær slutten på denne tradisjonen, og tillet berre Barthélemy sin realisme og menneskelege sympati å visa seg nokre stader. Den særskilde dugleiken hans innan lyseffektar er fullt utvikla; fire av dei seksten miniatyrane er nattescenane, og andre viser morgongry og skumring på strålande vis. Dei store og meir folkerike scenane i den franske omsetninga av Boccaccio sitt verk Il Teseida delle nozze d'Emilia, i teorien om Thesevs men i praksis ein annan romanse, omfattar storslåtte scener av bylivet.
Eit litt tidlegare verk, som igjen illustrerer ein tekst av René, er Le Livre des tournois (BnF Ms Fr 2695) som er uvanleg i at ho er i akvarell i staden for tempera, og på papir i staden for vellum.[8]
Mange kunsthistorikarar trur òg Barthélemy er målaren kjend som «Meister av skuggane», som utvida illustrasjonen av Les Très Riches Heures du Duc de Berry på midten av 1400-talet, lenge etter at Limbourg-brørne hadde tilverka dei best kjende miniatyrane (brørne og hertugen døydde i 1416, og let etter seg eit ufullstendig manuskript). Då kunne boka ha tilhøyrd René. Kalenderscena for september, som truleg berre delvis er av denne meisteren, viser slottet i Saumur, som René åtte, og der han var på mykje av 1460-talet. Målaren stod òg bak dei viktigaste kalenderscenene for mars (kanskje berre delvis), oktober og desember. Han hadde større romkjensle enn Limbourg-brørne, og han inkluderte skugge, noko som er eit særleg markert karaktertrekk i miniatyrene til Barthélemy. Ansikta hans, særleg dei til bøndane, er meir individualiserte, sjølv om figurane hans er mindre elegante. Berre desse kalenderscenene, og kanskje andletet i den tosidige Gregorius-prosesjonen, viser stilen hans; mange andre miniatyrar blei lagde til ein generasjon seinare av Jean Colombe.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ also sometimes in contemporary documents Barthélemy de Cler, der Clers, Deick d'Ecle, d'Eilz – Harthan, John, The Book of Hours, p.93, 1977, Thomas Y Crowell Company, New York, ISBN 0-690-01654-9
- ↑ 2,0 2,1 Unterkircher, Franz (1980). King René's Book of Love (Le Cueur d'Amours Espris). New York: G. Braziller. ISBN 0-8076-0989-7.
- ↑ Tolley.
- ↑ British Library also the Master of the Cœur d’Amour Epris For the Master of the Shadows of the Très Riches Heures, see below. The Aix identification was first made in 1953 (by IP May, La Revue des Arts, 3) partly on the basis of a rather questionable signature on a book in the Brussels panel, but is generally accepted. The Master of 1456 is a name used for the author of the Lichtenstein portrait (see external links), probably also Barthélemy
- ↑ Dhanens, Elizabeth (1980). Hubert and Jan van Eyck. New York: Alpine Fine Arts Collection. ISBN 0-933516-13-4.
- ↑ 6,0 6,1 Walther, Ingo F.; Wolf, Norbert (2005). Masterpieces of Illumination. Köln: Taschen. s. 473–4. ISBN 3-8228-4750-X.
- ↑ Harthan op cit pp 90–93
- ↑ Walther & Wolf, Masterpieces, pp 350–3.
- ↑ Pognon, Edmond (1979). Les Très riches heures du duc de Berry : 15th-century manuscript. New York: Crescent Books. ISBN 0-517-28288-7. – Pognon does not identify the Master with Barthélemy; Walther and Wolf do, and also give him June from the calendar.
- Denne artikkelen bygger på «Barthélemy d'Eyck» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2024.
- Tolley, Thomas (2001). «Eyck, Barthélemy d'». I Hugh Brigstocke. The Oxford Companion to Western Art. Oxford: Oxford University Press. ISBN 0-19-866203-3.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Livre du Coeur d'Amour Espris – synopsis and all miniatures
- Formerly attributed portrait in the Liechtenstein collection (without image. On the new website of the collection without any search results.)
- Louvre Crucifixion
- Centre for the Study of Fifteenth-Century Painting in the Southern Netherlands and the Principality of Liège List of works