Barsa-Kelmes
Utsjånad
Barsa-Kelmes (frå kasakhisk) var den største øya i Aralsjøen og utgjer Barsa-Kelmes naturreservat. Uttørkinga av Aralsjøen har derimot gjort Barsa-Kelmes til ei halvøy[1]. I 1980-åra hadde øya eit areal på 133 km². På grunn av alt saltet som ligg att etter sjø kan det vere særs ubehageleg i støvstormar og kraftig vind.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Øya vart oppdaga i august 1848. Geografen A. Maksjejev og topografen A. Akisjev gjorde ei topografisk undersøking av øya og skildra landskapet her.
Ein springedderkopp, Sitticus barsakelmes, vart kalla opp etter øya i 1998.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Barsa-Kelmes» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2008.
- Den engelske utgåva oppgav desse kjeldene:
- Tekhnika Molodyozji (Техника молодежи). 1991, No. 3; 1993, No. 4.
- Leksikon om mystiske stader på Jorda (Энциклопедия загадочных мест земли)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- ↑ WWF om Aralsjøen Arkivert 2007-01-13 ved Wayback Machine.>
- Biletgalleri Arkivert 2006-06-20 ved Wayback Machine.