Barry Beckett
Barry Beckett | |||
Fødd | 4. februar 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Birmingham i Alabama i USA | ||
Død | 10. juni 2009 (66 år) | ||
Dødsstad | Hendersonville i Tennessee i USA | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | rock, rock and roll | ||
Instrument | Klaverinstrument, orgel | ||
Verka som | Musikar, plateprodusent |
Barry Edward Beckett (4. februar 1943–10. juni 2009) var ein amerikansk klaverspelar som arbeidde som studiomusikar med mange kjende artistar. Han var òg plateprodusent. I lag med David Hood og Roger Hawkins, som var kollegaene hans i Muscle Shoals Rhythm Section, turnerte Beckett i 1973 i den utvida besetninga til Traffic. Innspelingar frå denne turneen vart konsertalbumet On The Road.
Han var involvert i «Muscle Shoals Sound» som medlem av rytmeseksjonen ved Muscle Shoals studio i Sheffield i Alabama, som han var med på å starte i 1969. Studioet produserte hittar som «Torn Between Two Lovers» (Mary MacGregor) og «Smoke from a Distant Fire» (Sanford-Townsend Band). Beckett var medprodusent med Jerry Wexler då Bob Dylan i 1979 bad Wexler om å produsere Slow Train Coming. Beckett var ikkje berre medprodusent på albumet, men spelte òg piano og orgel på det. I 1980 var han igjen medprodusent i lag med Wexler på Saved.
Beckett spelte òg på Paul Simon sin «Still Crazy After All These Years», som nådde toppen av singellista i USA.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Barry Beckett» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Allmusic biography
- Everett, Todd (1998). «Barry Beckett». In The Encyclopedia of Country Music. Paul Kingsbury, Editor. New York: Oxford University Press. pp. 31–32.
- Alabama Music Hall of Fame biography[daud lenkje]
- Discogs.com listing
- 1999 interview with Barry Beckett Arkivert 2016-12-20 ved Wayback Machine.
- Gray, Michael (2008) «Barry Beckett» i The Bob Dylan Encyclopedia, New York & London: Continuum