Bandama kaldera
Utsjånad
28°02′0″N 15°27′20″W / 28.03333°N 15.45556°W
Bandama kaldera er ein del av Tafira verna landskap på øya Gran Canaria i Kanariøyane. Denne kalderaen har ei høgd på 569 meter over havet på den høgaste delen av kanten, Pico de Bandama, og er om lag 1000 meter brei og 200 meter djup.
Den bratte vegen ned til botn av kalderaen tar om lag ein halv time. Det finst mykje vulkansk oske med forskjellig farge og det finst fleire planter her som berre finst på Kanariøyane. Her finst òg bevertning.
Bandama kaldera ligg innanfor fleire kommunar: Las Palmas de Gran Canaria, Santa Brígida og Telde.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bandama Caldera» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2009.