Baltarar
Baltarar er ei folkegruppe som snakkar baltiske språk og hovudsakleg held til i Baltikum. Dei nedstammar frå ei gruppe indoeuropeiske stammar som busette seg i området mellom elvane Vistula og Dvina og Dnepr rundt 2 500 f.Kr.
Litauarar og latviarar er dei viktigaste baltiske folkegruppene i dag. Andre grupper er forsvunne, det vil seia at språka deira er utdøydde. Dei fleste blei tekne opp i austbaltiske folk, hovudsakleg litauarane.
Dei baltiske folka har historisk livnært seg som bønder i skogane og på landsbygda, levd relativt isolert og blitt lite påverka av nabofolkeslag. Derfor har mange opphavlege indoeuropeiske tradisjonar og språktrekk overlevd i stor grad. Baltisk mytologi har til dømes mange fellestrekk med vedisk, gammalhinduisk, religion.
Baltiske folkegrupper
[endre | endre wikiteksten]- Vestbaltiske folk
- Gammalprøyssar, snakka gammelprøyssisk (utdøydd)
- Jotvingarar, snakka jotvingisk (utdøydd)
- Skalvarar, snakka skalvisk (utdøydd)
- Kurlendarar, snakka kurlandsk (utdøydd)
- Galindarar, snakka galindisk (utdøydd)
- Austbaltiske folk
- Litauarar, snakkar litauisk
- Samogitiarar, snakkar samogitisk
- Latgallarar (utdøydd)
- Semgallarar (utdøydd)
- Latviarar, snakkar latvisk
- Selarar, snakka selisk (utdøydd)