Bahla
Utsjånad
Bahla | |||
by | |||
Bahla Fort, ein verdsarv stad under restaurering
| |||
Land | Oman | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ad Dakhiliyah guvernement | ||
Koordinatar | 22°58′4.8″N 57°17′52.8″E / 22.968000°N 57.298000°E | ||
Folketal | 54 338 | ||
Tidssone | Oman standardtid (UTC 4) | ||
Bahla 22°58′00″N 57°18′00″E / 22.966666666667°N 57.3°E | |||
Kart som viser Bahla.
| |||
Wikimedia Commons: Bahla |
Bahla (arabisk بهلا) er ein by i Ad Dakhiliyah i Oman. Han er kjend for det gamle fortet og keramikken sin.
Byen ligg 40 km frå Nizwa og kring 200 km frå Muscat, hovudstaden i landet. Det gamle Bahla Fort er med ein 12 km lang mur det eldste fortet i Oman. EIn trur fortet vart bygd i før-islamsk tid og vert no restaurert av UNESCO og staden er innskriven på verdsarvlista. Heile området innafor den gamle muren vert kalla Bahlaoasen. Bahla-keramikken er kjend gjennom heile Oman og er ein populær suvernir hos turistar. Ikkje langt frå Bahla ligg Jabreenborga. Denne er tre etasjar høg og vart bygd under Al Ya'ruba-dynastiet midt på 1600-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bahla» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- http://www.nizwa.net/heritage/wonderloop/wonderloop.html Arkivert 2005-12-25 ved Wayback Machine.
- Bahla Fort - A Virtual Experience Arkivert 2020-11-13 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Reiseguide for Bahla frå Wikivoyage