Badalona
Badalona | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Spania | ||
Autonom region | Catalonia | ||
Provins | Barcelona | ||
Grunnlagd | 100-talet fvt. | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
22,17 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
218 553 9 858,1 /km² | ||
Koordinatar | 41°27′N 2°14′E / 41.450°N 2.233°E | ||
Høgd over havet | 6 moh | ||
Diverse annan informasjon | |||
Nettstad: www.badalona.cat |
Badalona (Baetulo i romartida) er ein by i Catalonia i Spania. Han ligg nær byen Barcelona på venstresida av den vesle elva Besòs ved Middelhavet.
Badalona ligg aust i Catalonia, 10 minuttar frå Barcelona. Han ligg mellom fjella i innlandet og havet. Ein stasjon langs forstadstoget i Barcelona liggi byen og han har ei lita hamn. Det er gass-, kjemi- og oljeindustri i byen, og det vart produsert varer av bomull og ull, glas, kjeks, sukker og brennevin, og i dei omliggande frodige jordene vert det dyrka korn, vin og frukt.
Badalona er ein av dei eldste byane i Catalonia og har kring 220 000 innbyggjarar. Han har eit typisk middelhavsklima og seks kilometer med strender.
Byen vart grunnlagd som busetnaden Baetulo av romarane rundt år 100 fvt. Fleire spor etter romarane, som eit romersk bad, er bevart.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2020-11-24 ved Wayback Machine.
- Badaweb.com
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Badalona» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2009.