Bøylepingvin
Bøylepingvin | |
Bøylepingvin | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Bøylepingvin | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sphenisciformes |
Familie: | Pingvinar Spheniscidae |
Slekt: | Pygoscelis |
Art: | Bøylepingvin P. papua |
Vitskapleg namn | |
Pygoscelis papua |
Bøylepingvin, tidlegare eselpingvin,[1] er ein pingvin kjenneteikna av ei brei kvit stripe på toppen av hovudet og eit sterkt oransjefarga nebb. Bøylepingvinen er den raskaste undervassymjaren blant pingvinane, og kan kan nå djupner på 170 meter.[2] Han er den tredje største pingvinarten, etter keisar- og kongepingvin. Saman med adeliepingvin og ringpingvin utgjer bøylepingvinen slekta Pygoscelis.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Hannar kan ha ei toppvekt på rundt 8,5 kg like før myting og heilt ned til 4,9 kg like før paringstida. Hoene kan ha ei toppvekt på 8,2 og nå heilt ned til 4,5 medan dei passar reira. Nordlege populasjonar er gjerne høgare og tyngre enn dei som lever lengre sør.
Bøylepingvinar har nokså lang stjert, den tydelegaste blant pingvinar. Dei er elles svart- og kvitfarga som andre pingvinar. Baksida og hovudet er svarte, men dei har kvite merke over kvart auge som hjå mange kan rekka over heile hovudet. Symjeføtene er lyserosa medan nebbet er oransje.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Pingvinane held til rundt Antarktis og hekkar rundt 65. breiddegrad sør. Dei største koloniane finst på Falklandsøyane, Sør-Georgia og Kerguelen medan det finst mindre populasjonar på melom anna Prince Edwardøyane, Macquarieøya, Heardøyane, Sør-Orknøyane, Sør-Shetlandsøyane og Antarktishalvøya. Eit estimat frå 1993 rekna med at det fanst rundt 314 000 hekkande par. Arten er rekna som nær truga fordi fleire viktige populasjonar har hatt ein langvarig fallande tendens.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]Bøylepingvinane hekkar i koloniar. Dei lagar rundlege reir av småstein og gras. Reira kan vera opptil 20 cm høge og ha ein diameter på 25 cm. Steinane er høgt verdsette eigedelar som kan føra til høglytte kranglar eller gjentenester, om ei ho får ein særleg god stien av ein hann.
I reira legg pingvinane legg to egg. Begge foreldra ruger egga i 34-36 dagar, til dei klekker. Ungane blir verande i reira i rundt 30 dagar, og blir deretter passa på i grupper. Når dei er rundt 80-100 dagar gamle, er dei klare til å symja i sjøen.
Bøylepingvin er den raskaste undervassymjaren av alle pingvinar, og kan nå ein fart på 36 km/t. Når dei dykker kan dei nå djupner på 170 meter.[2] Pingvinane lever på småfisk og kril.
Rovdyr som sjøløve, leopardsel og spekkhoggar kan ta bøylepingvinar i sjøen. Vaksne pingvinar har ingen trugsmål på land, men egg og ungar kan bli stolne av større fuglar som joar.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gentoo Penguin» frå Wikipedia på engelsk, og «Åsnepingvin» frå Wikipedia på svensk den 11. januar 2012.
- Bologna, Gianfranco, Peter Johan Schei, and Gerd Moss. Fuglenes verden. Oslo: Schibsted, 1978.
- ↑ T.d. i Bologna et al Fuglenes verden 1978
- ↑ 2,0 2,1 https://archive.is/20120526223010/www.bbc.co.uk/nature/wildfacts/factfiles/161.shtml
- Pygoscelis papua ved iucnredlist.org
- Spør en ornitolog ved miljolare.no