Awbeg
Awbeg An Abhainn Bheag | |||
elv | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 51 km | ||
Vassføring | |||
• middel | 1,3[1] m³/s | ||
Kjelde | Ballyhourafjella i County Limerick | ||
Munning | Det keltiske havet ved Youghal via Blackwater River | ||
Awbeg 52°13′31″N 8°37′24″W / 52.225211224203°N 8.6233767957926°W | |||
Wikimedia Commons: Awbeg River |
Awbeg er ei lita elv sør i Republikken Irland. Ho er ei sideelv til elva Blackwater og dei renn i saman i County Cork. Namnet hennar kjem frå det irske Abha Bheag («Lita elv»).[2]
Abweg har to greiner. Den første har utspring i County Limerick som elva Gralgne og renn inn i County Cork og så vestover under ei jernbanebru og sørover under Farranbrua. Den andre greina har utspring 3 km nord for Liscarroll og renn sørover, så nordover og til slutt vestover under Annaghbrua før dei to greinene renn i saman ved Scartbrua. Frå her renn elva sørover gjennom Buttevant og austover gjennom Doneraile, før ho snur sørover nær Shanballymore og gjennom Castletownroche. Ho munnar ut i Blackwater ved Poulcormac nær Bridgetown Abbey.
Økologi
[endre | endre wikiteksten]Nord for Buttevant renn elva gjennom eit flatt jordbruksområde, medan ho sør for Buttevant hovudsakleg renn gjennom ei smal og bratt dal med skogkledde sider. Elva gjev liv til fleire planteartar som knollmjødurt, tjønnaks, dunkjelve, brønnkarse og ranunkel. Rundt elva vekst det hovudsakleg myrvegetasjon, dominert av kanarigras.
Av dyreliv i Awbeg finn ein oter og laks. I tillegg finn ein bestand av den utryddingstrua kvitklohummaren (Austropotamobius pallipes).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «River Awbeg» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2017.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.epa.ie/licences/lic_eDMS/090151b2804f6dc4.pdf
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 11. februar 2007, henta 23. oktober 2007