Hopp til innhald

Average White Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Average White Band

Aktiv1972–
Sjangerblue-eyed soul
PlateselskapAtlantic Records
Average White Band i 2013

Average White Bende er ei skotsk musikkgruppe som blei skipa i Dundee i 1972 og speler funk og disco. Opphavleg bestod gruppa av Onnie McIntyre (song, kompgitar), Alan Gorrie (gitar, bass, song), Roger Ball (keyboard), Malcolm «Molly» Duncan (saksofon) og Robbie McIntosh (trommer). Michael Rosa var ei kort tid med på trompet før han gav seg. Då blei gitaristen Hamish Stewart nytt medlem.

Debutalbumet til gruppa, Show Your Hand, selde dårleg, men dei fekk eit stort nybrot med det andre studioalbumet sitt AWB i 1974. Albumet toppa Billboard 200-lista, og instrumentalsingelen Pick Up the Pieces derfrå nådde fyrsteplassen på den amerikansk singellista i 1975. Låten nådde sjetteplassen på den britiske singellista.[1]

Trommeslagaren Robbie McIntosh døydde etter ein heroinoverdose i september 1974. Gruppa valde å fortsetja med Steve Ferrone som ny trommeslagar. Det neste albumet Cut the Cake var dedisert til McIntosh, og tittelsporet blei ein singelhitt. Gruppa hadde framleis fleire suksessar på 1970-talet, mellom anna Queen of my Soul i 1976, men på byrjinga av 1980-talet gjekk populariteten deira tilbake. Dei hadde ein siste større hitt i 1980 med Let's Go Round Again, og i 1983 blei gruppa oppløyst. McIntyre, Gore, og Ball gjenforeinte gruppa i 1989. Sidan 1996 har McIntyre og Gore vore dei einaste opphavlege medlemmane i gruppa etter at Ball valde å forlata henne.

Diskografi, album

[endre | endre wikiteksten]
  • Show Your Hand (1974)
  • AWB (1974)
  • Cut the Cake (1975)
  • Soul Searching (1976)
  • Warmer Communications (1978)
  • Feel No Fret (1979)
  • Shine (1980)
  • Cupid's In Fashion (1982)
  • Aftershock (1989)
  • Soul Tattoo (1997)
  • Living In Colour (2003)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Average White Band