Augie Meyers
Augie Meyers | |||
| |||
Fødd | 31. mai 1940 (84 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | San Antonio, Texas, USA | ||
Fødenamn | August Meyers | ||
Alias | Lord August | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Garasjerock Psykedelisk rock Rock Soul Folk Tejano/Tex-Mex Country | ||
Instrument | Klaverinstrument, gitar, trekkspel, song | ||
Kjende instrument | Vox Continental | ||
Tilknytte artistar | Bob Dylan Doug Sahm Sir Douglas Quintet Texas Tornados | ||
Verka som | Musikar Plateselskapseigar |
August «Augie» Meyers (fødd 31. mai 1940) er ein amerikansk musikar, songar, låtskrivar, artist, studiomusikar, produsent og plateselskapeigar. Han er kanskje mest kjend for å ha vore med å skipe Sir Douglas Quintet og Texas Tornados.[1]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tidleg i 1960-åra, grunnla Meyers og Doug Sahm Sir Douglas Quintet. Vox-orgelet hans var ein viktig del av lyden til gruppa, som ein kan høyre på spor på «She’s About a Mover» (1964), «Mendocino» (1969) og «Nuevo Laredo» (1970).
I 1990-åra var Meyers med å starte den suksessrike supergruppa kalla Texas Tornados med Doug Sahm, Flaco Jiménez og Freddy Fender.
Sidan 1970-åra har Meyers drive fleire av sine eigne plateselskap, inkludert Texas Re-Cord Company (starta i lag med Lucky Tomblin), Superbeet Records og White Boy Records.
Som studiomusikar har Meyers spelt med mange andre artistar, som Bob Dylan, John P. Hammond, John & Mary, Kevin Kosub, Tom Waits og Doug Sahm.
Utvald diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1971: The Western Head Music Co. - Polydor
- 1972: You Ain’t Rollin’ Your Roll Rite - Paramount
- 1975: Live At The Longneck - Texas Re-Cord Company
- 1977: Finally In Lights - Texas Re-Cord Company
- 1982: Still Growin - Sonet
- 1984: August in New York - Sonet
- 1986: Augie’s Back - Sonet
- 1986: My Main Squeeze - Superbeet
- 1988: Sausalito Sunshine - Superbeet
- 1992: White Boy - White Boy
- 1996: Alive & Well At Lake Taco - White Boy
- 2002: Blame It On Love - Texas World
- 2006: My Freeholies Ain’t Free Anymore - El Sendero
- 2013: Loves Lost and Found - El Sendero
Uvalde samarbeid
[endre | endre wikiteksten]- 1991: John and Mary, Victory Gardens - Rykodisc
- 1997: Bob Dylan, Time Out of Mind - Columbia
- 2001: Bob Dylan, Love And Theft - Columbia
- 2005: John P. Hammond, In Your Arms Again - Back Porch
- 2014: Ben Vaughn, Texas Roadtrip - Many Moods
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Augie Meyers» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Peel, Adrian (2014). Tequila, Senoritas and Teardrops: Musikars Discuss the Influence of Mexico on Country Music. McFarland. s. 23. ISBN 9781476617800. Henta 24. desember 2015.