Audna
Utsjånad
58°15′27″N 07°20′46″E / 58.25750°N 7.34611°E
Audna | |||
elv | |||
Melhusfossen ligg midtveis i elva, i Lindesnes kommune
| |||
Nedslagsfelt | 450 km² | ||
---|---|---|---|
Lengd | 55 km | ||
Middelvassføring | 20 m³/s | ||
Kjelde | Grindheimsvatnet | ||
Munning | Sniksfjorden | ||
Audna 58°03′28″N 7°16′45″E / 58.0578°N 7.2791°E | |||
Wikimedia Commons: Audna |
Audna (Audnedalselva) renn gjennom Audnedalen i Agder gjennom Lyngdal og Lindesnes kommunar. Audna har utspringet sitt i Grindheimsvatnet, går gjennom Øvre Øydnavatnet og Ytre Øydnavatnet og munnar ut i Sniksfjorden.
Audna er 55 km lang. Det er laks og sjøaure på ei 30 km lang strekning frå Bustad og opp til utløpet av Ytre Øydnavatnet.
Nedbørfeltet er på 450 km² og middelvassføringa er 20 m³/s.
Den stadeigne laksestamma i Audna gjekk til grunne tidleg på 1970-talet. Eit kalkingsprosjekt starta i 1985. Målet var å bygge opp ei ny laksestamme. Dette målet er nådd og laksestamma vert no opprettheldt gjennom naturleg reproduksjon.
I 2004 vart det fiska 2,4 tonn laks og 219 kg sjøaure i Audna.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Audna» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2008.
Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.