Hopp til innhald

Astronomisk kikkert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Keplerkikkert

Ein astronomisk kikkert eller Keplers kikkert er eit instrument som er samansett av to samlelinser eller linsesystem som gjev eit omvendt bilete av lekamen. Han vert derfor berre nytta der opp-ned-vendinga ikkje er viktig, som til astronomiske observasjonar og ved skalaavlesingar. Kikkerten vart skildra av Johannes Kepler i Dioptrik i 1611.