Arumensk
Utsjånad
Arumensk Makedon-armânâ, armãneashti, limba armãneascã | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Italisk Romansk Austromansk Arumensk | |
Bruk | ||
Tala i | Hellas Albania Bulgaria Nord-Makedonia Romania Serbia | |
Område | Balkan | |
Arumensktalande i alt | 250 000 (1997)[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | rup | |
ISO 639-3 | rup |
Arumensk er eit romansk språk som blir tala av arumenarar på Balkan. Det er hovudsakleg utbreidd i Hellas, der det har 200 000 talarar (to tredelar av alle språkbrukarane), men det finst også talarar i Albania (50 000), Romania (28 000), Serbia (15 000), Nord-Makedonia (8 500) og Bulgaria (4 700).
Språket har mykje til felles med rumensk, særleg når det gjeld morfologi og syntaks, og har liknande ordforråd med latinsk opphav. Språk har likevel hatt ulike påverknader: Medan rumensk har hatt mykje kontakt med slaviske språk, har arumensk hovudsakleg blitt påverka av gresk. Det høyrer til den balkanske språkbunten.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Macedon Armans Council
- Macedon Armans Association from France
- [http://www.CTArm.org Consiliul A Tinirlor Armanj, nettstad for unge arumenarar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arumensk» frå Wikipedia på bokmål, og «Aromanian language» frå Wikipedia på engelsk den 31. januar 2013.
- Fotnotar