Hopp til innhald

Arsenikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arsenikk, eller arsentrioksid (As2O3), er velkjent som eit effektivt stoff å forgifta menneske med.

Arsenikk er langt giftigare enn det reine grunnstoffet arsen. 0,1 g - 0,2 g arsenikk er normalt ein dødeleg dose, men ved langvarig inntak kan ein venja seg til å tola ganske store mengder.

Gifta er vanskeleg å oppdaga, av di ho gjev frå seg korkje smak eller lukt. Men det er lett å påvisa henne i kroppen etter dauden.

I mellomalderen var arsenikk ei frykta gift i fleire europeiske kongehus. Difor var det ikkje uvanleg at kongelege sjølv drakk litt av gifta for å vera motstandsdyktige dersom einkvan skulle freista å drepa dei.

Arsenikk

Arsenikk er eit oksid av arsen. Det har formelen (As2O3). Arsen har oksidasjonstrinn 3 i sambindinga. Andre namn på stoffet er arsen(III)oksid, arsentrioksid, arsensesquioksid og kvit arsenikk. Arsenikk er, som andre oksid, ei uorganisk sambinding.

Arsenikk er eit kvitt, fast stoff.

Arsenikk vert brukt mot skadedyr og i tilverking av opaliserande glas og emalje.

Stoffet blei tidlegare noko brukt i små dosar som medisin mot blodsjukdommar og som styrkjande og appetittvekkjande middel.

I grunnvatn

[endre | endre wikiteksten]

Arsenikk finst naturleg i bergartar og sediment som mineralet arsenolitt (kubisk As2O3) og claudetitt (monoklin). Denne særs giftige sambindinga kan derfor finnast laust i grunnvatnet. Jamn eksponering for arsenikk kan mellom anna føre til auke førekomst av hud- og blærekreft. Det finst derfor grenseverdiar for kor mykje arsenikk grunnvatn kan innehalde. Mange land har høge arsenikk-konsentrasjonar i grunnvatnet, og særleg i Bangladesh og Vest-Bengal i India er arsenikk eit stort helseproblem.

«Aresenikk i grunnvann» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.