Hopp til innhald

Arnsberg

Koordinatar: 51°23′0″N 08°05′0″E / 51.38333°N 8.08333°E / 51.38333; 8.08333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arnsberg
Horisonten til Arnsberg
Horisonten til Arnsberg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Arnsberg
Arnsberg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Arnsberg
Hochsauerland
Grunnlagd 1000-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

193,45 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

75 867
  392/km²
Koordinatar 51°23′0″N 08°05′0″E / 51.38333°N 8.08333°E / 51.38333; 8.08333
Høgd over havet 212 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC 1)
CEST (UTC 2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 59755, 59757, 59759, 59821, 59823
Telefon-retningsnummer 02931, 02932, 02935, 02937,
Bilnummer HSK
Heimeside: www.arnsberg.de

Arnsberg er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 76 000 innbyggjarar. Byen ligg i kreisen Hochsauerland nordaust for Sauerland i elvedalen til Ruhr.

Arnsberg vart bygd av grevane av Werl1000-talet. Dei bygde ei borg som ein framleis kan sjå restane av, og som vert nytta til folkelege feiringar.

På 1100-talet vart Arnsberg sete for westfalisk domsmakt. Seinare mista byen sjølvstende sitt og høyrte til Köln-området då erkebiskopane regjerte her. Byen vart heilt øydelagd under sjuårskrigen i 1769. I 1816 gjekk Arnsberg til Preussen og vart sete for ein lokal administrasjon.

Under den andre verdskrigen mista mange innbyggjarar livet under britiske bombetokt som hadde ein jernbaneviadukt som mål. Målet vart til slutt øydelagd 19. mars 1945 av ei Grand Slam-bombe.

Den noverande byen Arnsberg vart oppretta i 1975 ved at 14 byar og kommunar vart slått saman til ein by. Gamle Arnsberg og Neheim-Hüsten er to urbane delar, medan dei andre delane er meir landlege. Neheim og Hüsten vart slått saman i 1941.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Arnsberg