Arne Hjeltnes
Utsjånad
Arne Hjeltnes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. august 1963 (61 år) Kristiansand kommune |
Yrke | programleiar, forfattar, politikar, forretningsdrivande, kommunikasjonsdirektør, lyrikar |
Politisk parti | Høgre |
Arne Hjeltnes på Commons |
Arne Hjeltnes (fødd 9. august 1963 i Kristiansand) er ein norsk fjernsynspersonlegdom og forfattar som først og fremst er kjend som programleiar for «Gutta på tur»-konseptet saman med Bjørn Dæhlie, Vegard Ulvang og Arne Brimi som gjekk på TV 2 frå 1994.
Som son av ein lege har han budd på ni ulike stader i Noreg, men vert nok først og fremst samanbunde med Voss grunna dialekten hans.
Hjeltnes har ein mindre eigarpost i Kagge forlag.
I ungdommen var Hjeltnes leiar i Voss Unge Høgre. Våren 2010 kom han tilbake til politikken som landsmøtevald medlem av sentralstyret til Høgre.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Den sumaren eg fylte diesel (1993, 1998)
- 549 tv-heltar frå Lille Rosin til Harry Klein (1994)
- Utan mat og drikke (1995)
- Når skaldyret vaknar (1995)
- Turen går til utlandet (1996)
- Gutta på tur (1997)
- Gutta på tur (1999)
- Mysterier fra fortiden (2001)
- Guttas greatest (2001)
- Barn – ingen hindring (2002), med Cathrine Gehrken
- Yst! (2003)
- En snømann går i land (2004)
- Alt for Noreg, fagbok, Kagge Forlag (2006)
- Ivar Nimme (2010)
- Nye og gamle dikt i skjønn forening : 39 år med dikt, lyrikk, Kagge Forlag (2013)
- Stupetårnet, roman, Kagge Forlag (2014)
- Ein mann å halda i, lyrikk, Kagge Forlag (2015)
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Kringkastingsprisen for 2003