Hopp til innhald

Arne Barhaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arne Barhaugen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. januar 1932
Oslo
Død 10. februar 2008 (76 år)
Oslo
Idrett kombinert
Tok del i Vinter-OL 1964, Vinter-OL 1956

Arne Barhaugen (11. januar 193210. februar 2008) var ein kombinertrennar frå Oslo, der han også døydde. Han representerte Nydalens Skiklub.

Barhaugen deltok for Noreg i kombinerttevlinga under ski-VM 1954, vinter-OL 1956, ski-VM 1958 og vinter-OL 1964. Beste plasseringane kom i Cortina d'Ampezzo i 1956 med femteplass, og ein noko overraskande sjetteplass i Innsbruck 1964. Gjennom sine tolv sesongar i noregseliten vann han ei einaste NM-medalje, bronsemedaljen i Rælingen i 1963. Åtte år tidlegare tok han sin einaste pallplass i eit større, internasjonalt renn; han vart då nummer tre i Svenska skidspelen i Nässjö.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

[endre | endre wikiteksten]
  • 1953: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1954: Nr 4 i Lahti og nr 8 under VM i Falun
  • 1955: Nr 3 i Svenska Skidspelen i Nässjö
  • 1956: Nr 5 OL i Cortina d'Ampezzo
  • 1957: Nr 6 i Holmenkollen og i Lahti
  • 1958: Nr 11 i VM i Lahti, og nr 7 i Holmenkollen
  • 1959: Nr 9 i Lahti
  • 1960: Nr 10 i Holmenkollen
  • 1962: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1963: Nr 7 i Holmenkollen
  • 1964: Nr 6 i OL i Innsbruck og i Svenska Skidspelen i Kiruna

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • (en) Arne Barhaugen – Profil og resultatoversikt hos FIS
  • (en) Arne Barhaugen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.