Arminianisme
Utsjånad
Arminianisme er ei kristen trusretning utforma av Jacobus Arminius. Trusretninga stod i opposisjon til kalvinismen si lære at skjebnen til menneska er bestemt - anten til frelse eller fortaping.
Armenius meinte i motsetnad til dette at trua på den frie viljen var mogleg å kombinere med trua på ein allmektig og allvitande gud. Han la vekt på den kjærleiken Gud står for. Han ville mildne Calvin si strenge predestinasjonslære. Armenius meinte at gud berre fordømte dei som ikkje gjorde bot eller ikkje trudde på Kristi offer for syndene våre.
Arminianismen vart ei relativt innflytnadsrik rørsle i Europa og inviterte til ei meir humanistisk kulturstrøyming som påverka mellom andre grunnleggaren av metodismen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Arminianism» frå Wikipedia på svensk, den 21. april 2008.