Hopp til innhald

Arica og Parinacota-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arica og Parinacota
region
Flagg
Symbol
Land  Chile
Del av South America Midwest Integrated Zone
Hovudstad Arica
Areal 16 873,3 km²
Folketal 226 068 (2017)[1]
Språk spansk
Kart
Arica og Parinacota-regionen
18°28′30″S 70°18′51″W / 18.475°S 70.314166666667°W / -18.475; -70.314166666667
Wikimedia Commons: Arica and Parinacota Region

Arica og Parinacota-regionen (spansk Región de Arica y Parinacota) er den nordlegaste av dei seksten regionane i den administrative inndelinga av Chile, og omfattar to provinsar, Arica og Parinacota. Han grensar til Tacna-regionen i Peru, i aust av departementa La Paz og Oruro som tilhøyrer Bolivia, i sør av Tarapacá-regionen og i vest av Stillehavet.

Arica og Parinacota er den 5. minste, den 3. minst folkerike og den 6. minst folketette av regionane i Chile. Arica er hovudstaden til regionen og den største byen.

Regionen var ein tidlegare peruansk provins, som vart okkupert av Chile under Ancón-traktaten frå 1883 ved slutten av Stillehavskrigen, og deretter formelt annektert i 1929 av Lima-traktaten. Etter annekteringa gjekk Arica og Parinacota gjennom ein prosess med tvungen akkulturasjon med sikte på å skape ein dominans av chilenske tradisjonar og kultur.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Arica og Parinacota-regionen