Arica-provinsen
Arica | |||
provins | |||
|
|||
Land | Chile | ||
---|---|---|---|
Region | Arica og Parinacota | ||
Hovudstad | Arica | ||
Areal | 8 726,4 km² | ||
Folketal | 211 615 | ||
Folketettleik | 21 / km² | ||
Arica-provinsen 18°28′30″S 70°18′52″W / 18.475°S 70.31444444°W | |||
Kart som viser Arica-provinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Arica Province | |||
Nettstad: Offisiell nettstad |
Arica-provinsen (spansk Provincia de Arica) er ein av to provinsar i den nordlegaste regionen i Chile, Arica og Parinacota. Provinsen grensar i nord til Tacna-regionen i Peru, i sør til Tamarugal-provinsen i Tarapacá-regionen, i aust til Parinacota-provinsen og i vest ligg Stillehavet. Hovudstaden er hamnebyen Arica.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Villa de San Marcos de Arica vart grunnlagd i 1541 på staden for ei førkolumbisk busetjing, og fekk bystatus i 1570.[1] Provinsen kring byen tilhøyrde Peru fram til 1879, då han vart erobra av chilenarane, som fekk kontroll over han under Ancón-traktaten (1883).[2]
Geografi og folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje folketeljinga for 2002 av National Statistics Institute (INE) spenner provinsen over eit område på 8 726,4 km2 og hadde ei befolkning på 186 488 innbyggjarar (92 487 menn og 94 001 kvinner), noko som gav den ein befolkingstettleik på 21,4 innbyggjarar per km². Mellom folketeljingane 1992 og 2002 voks befolkninga med 9,5 % (16 184 personar).[3]
Administrasjon
[endre | endre wikiteksten]Som ein provins er Arica ei administrativ eining på andre nivå i Chile, beståande av to kommunar (comunas): Arica i den nordlege delen og Camarones i sør. Kystbyen Arica fungerer som provinshovudstad. Provinsen blir administrert av den presidentutnemnde regionale delegaten til Arica og Parinacota.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen inneheld omsett tekst frå «Arica Province» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2024
- Referansar
- ↑ «San Marcos de Arica Cathedral. Arica - CHILE», www.tourandhotels.com (på engelsk), henta 4. mars 2024
- ↑ «Arica | Coastal City, Pacific Port, Gateway to Peru | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 4. mars 2024
- ↑ «Territorial division of Chile» (PDF) (på spansk). National Statistics Institute. 2007. Arkivert frå originalen (PDF) 14. november 2010. Henta 3. mars 2024.