Hopp til innhald

Anna Dahlberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Dahlberg


Statsborgarskap Sverige
Fødd 1. mai 1976 (48 år)
Kramfors
Idrett langrenn
Tok del i cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics, Langrenn under Vinter-OL 2010, Ski-VM 1997, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005, Ski-VM 2007, Ski-VM 2009

Anna Dahlberg, gift Olsson i 2008, (fødd 1. mars 1976) er ein svensk tidlegare langrennar frå Kramfors i Ångermanland. Ho vart olympisk meister i lagsprint under Vinter-OL 2006 og tok sølvmedaljen i same øvinga då Ski-VM 2009 fann stad i Liberec. I begge meisterskapane gjekk ho i lag med Lina Andersson.

Dahlberg deltok i verdscupen i langrenn fyrste gongen i 1997 og var aktiv til OL-sesongen 2010. Ho markerte seg einast i dei korte tevlingane, alle hennar 12 individuelle pallplasseringar i verdscupen kom i sprintøvinga. Den 4. februar 2006 tok ho sin einaste individuelle verdscupsiger, med di ho sigra i ei 1 kilometer lang sprinttevling i klassisk stil i Davos. Åtte dagar seinare gjekk ho fyrst då ho og Lina Andersson vann gull i lagsprinten/vekslingsstafetten under vinterleikane i Torino, 0,6 sekund framom Canada. Under Ski-VM 2007 i Sapporo vart Dahlberg nummer fire i sprinttevlinga, og gjekk ein etappe for det svenske mannskapet som kom på fjerdeplassen i 4 x 5 km stafett. I ski-verdsmeisterskapen 2009 enda ho som Anna Olsson sist i finalefeltet i den individuelle sprintøvinga, medan ho i par med Lina Andersson gjekk i mål til sølv på lagsprinten. Anna Olsson avslutta sine internasjonale meisterskapstevlingar med ein ny individuell fjerdeplass i sprint ved Vinter-OL 2010 i Vancouver.

Ho er gift med langrennaren Johan Olsson.