Anke Behmer
Anke Behmer | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 5. juni 1961 (63 år) Stavenhagen |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1988 Summer Olympics – women's heptathlon, 1983 World Championships in Athletics – women's heptathlon, 1987 World Championships in Athletics – women's heptathlon, 1982 European Athletics Championships – women's heptathlon, 1986 European Athletics Championships – women's heptathlon |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i sølv |
Anke Behmer, fødd Anke Vater, (fødd 5. juni 1961) er ein tysk friidrettsutøvar frå Stavenhagen i Mecklenburg-Vorpommern som repesenterte Aust-Tyskland og tevla internasjonalt i mangekamp. Ho vart europameister i sjukamp i 1986, og sikra seg bronsemedaljar i øvinga i VM 1983 og OL 1988.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]I 1980 vann Anke Vater den fyrste meisterskapen i sjukamp i Aust-Tyskland. Ho kom på fjerdplass i sjukampen og forbetra seg både kva gjaldt poeng og plassering ved friidretts-EM 1983, då ho tok bronsemedaljen bak landskvinnene Ramona Neubert og Sabine Paetz. I 1984 boikotta Aust-Tyskland Sommar-OL 1984 i Los Angeles, så sjukampen vart då ei tevling utan dei austtyske favorittane.
Som Anke Behmer vann ho i 1986 gullmedaljen i europameisterskapen etter å han sanka 6 717 poeng. Året etter vart ho nummer fire i VM i Roma. I 1988 gjorde ho sin aller beste sjukamp og stoppa med 6 858 poeng, men måtte likevel nøye seg med bromsemedaljen, i ei tevling der Jackie Joyner-Kersee sette verdsrekord med heile 7 291 poeng, ein rekord som i 2016 framleis gjeld.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1982 i Aten: Nr 4 - 6390 poeng, bak Sabine Everts (6418)
- VM 1983 i Helsinki: Bronsemedalje - 6532 poeng
- EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje - 6717 poeng, framom Natalja Sjubenkova (6645)
- VM 1987 i Roma: Nr 4 - 6460 poeng, bakom Jane Frederick (6502)
- OL 1988 i Seoul: Bronsemedalje 6858 poeng, bak Sabine John (6897)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anke Behmer» frå Wikipedia på tysk, den 30. august 2016.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Anke Behmer» (på engelsk). olympedia.org. Henta 15. februar 2023.