Anita Baker
Anita Baker | |||
| |||
Fødd | 26. januar 1958 (66 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Toledo | ||
Fødenamn | Anita Denise Baker | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1979– | ||
Sjanger | soul | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | alt | ||
Plateselskap | Blue Note, Atlantic Records, Ariola | ||
Verka som | songar-låtskrivar, jazzmusikar, songar, musikkprodusent, komponist, plateartist | ||
Prisar | stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Anita Denise Baker (fødd 26. januar 1958)[1] er ein amerikansk songar og låtskrivar. Ho er rekna som ein av dei mest populære songarane av sjelfulle romantiske balladar under quiet storm-perioden i moderne R&B på 1980-talet. Ho byrja karrieren sin på slutten av 1970-talet med funkbandet Chapter 8, og gav ut det første soloalbumet sitt, The Songstress, i 1983. I 1986 oppnådde ho stjernestatus med utgjevinga av det platina-seljande andrealbumet sitt, Rapture, som inkluderte den Grammy-vinnande singelen «Sweet Love». Baker har seinare vunne ei rekkje grammyprisar og oppnådd fleire platinaalbum.[2][3][4][5] Baker er kontraalt med eit vokalt register som omfattar tre oktavar.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Anita Baker blei fødd 26. januar 1958 i Toledo i Ohio. Då ho var to, år gammal blei ho forlaten av mor si, og Baker blei oppseda av ein fosterfamilie i Detroit, Michigan.[6]
Då Baker var 12, døydde fosterforeldra hennar og fostersøstera tok over oppsedinga.[7] Då Baker var 16, byrja ho å synga R&B på nattklubbar i Detroit. Ved ein opptreden blei ho oppdaga av bandleiaren David Washington, som gav henne eit kort til å gå på audition for funkbandet Chapter 8.[treng kjelde]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Baker blei med i Chapter 8 i 1975, og gruppa turnerte fram til ho skreiv platekontrakt med Ariola Records i 1979. Det fyrste albumet til gruppa, Chapter 8, blei gjeve ut same året og inneheldt singlane «Ready for Your Love», ein duett med Baker og Gerald Lyles, og «I Just Want to Be Your Girl» med Baker på vokal.[8]
Ariola blei kjøpt opp av Arista Records i 1979, og det nye selskapet gav opp Chapter 8 fordi dei meinte Baker, som hovudvokalist, ikkje hadde potensial som stjerne.[7] Baker vende tilbake til Detroit der ho tok arbeid som servitør og resepsjonist fram til 1982. Då overtydde Otis Smith, som hadde vore ved , Baker til å byrja ein solokarriere hjå hans selskap, Beverly Glen.[treng kjelde]
Baker gav ut debut-soloalbumet sitt The Songstress i 1983.[1] Albumet hadde fire singlar: «No More Tears» med B-sida «Will You Be Mine», «Angel» og «You're the Best Thing Yet». Angel blei den fyrste singelen til Baker på topp ti-lista, og nådde femteplassen på R&B-listene seint i 1983. «You're the Best Thing Yet» følgde han på R&B topp 40 tidleg det neste året.
Trass i denne tidlege suksessen klaga Baker seinare over at ho ikkje hadde fått nokon royalty frå arbeidet. I tillegg forseinka selskapet arbeid med Baker sin oppfølgjar til The Songstress. I 1984, då to år var gått, prøvde Baker å forlata selskapet, men blei saksøkt av Smith for kontraktsbrot i 1985. Etter fleire månader i retten blei det konkludert med at Baker skulle få lov til å spela inn for andre selskap, og ho vann saka mot eigaren av Beverly Glen, Otis Smith. Baker skreiv deretter kontrakt med Warner Music Group-tilknytte Elektra Records i 1985 og byrja å arbeida på det neste albumet sitt. Kontrakten med Elektra gav henne kreativ kontroll over musikken og let henne sjølv produsera han.[treng kjelde]
Bakar hadde Michael J. Powell frå Chapter 8 som produsent på sitt første Elektra-album, sjølv om konsernsjefen i utgangspunktet ikkje var nøgd med valet av Powell framfor meir etablerte produsentar.[treng kjelde]
I mars 1986 gav Baker ut det andre albumet sitt, Rapture. Salet var til å byrja med treigt etter utgjevinga av den fyrste singelen frå albumet, «Watch Your Step». Deretter gav Elektra ut midt-tempo-balladen «Sweet Love», som blei hennar første pophit og nådde nummer åtte på Billboard Hot 100 og også nådde topp 20 i Storbritannia. Albumet hadde tre fleire hitsingler, «Caught Up in the Rapture», «No One in the World» og «Same Ole Love (365 Days a Year)».
I 1986 og 1987 promoterte Baker albumet ved å turnera. Den første turneen, The Rapture Tour, blei seinare gjeve ut på video som A Night of Rapture. I 1988 hadde albumet selt over 8 millionar eksemplar over heile verda, 5 millionar av dei berre i USA. Baker vann to grammyprisar for albumet i 1987.[treng kjelde]
I 1987 samarbeidde Baker med The Winans om songen «Ain't No Need to Worry», som gav henne ein tredje grammypris, denne gongen i klassen «Best Soul Gospel Performance by a Duo or Group, Choir or Chorus».[treng kjelde]
Oppfølgjaren til Baker, Giving You the Best That I Got, blei gjeven ut i oktober 1988 til snøgg sukscess. Han nådde toppen av Billboard 200 og selde 5 i millionar eksemplar, 3 million av dei i USA. Tittelsporet nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 og toppen av R&B and adult contemporary-lista, noko som gjorde henne til den mest suksessrike singelen hennar på listene.[9] Oppfølgjaren «Just Because» nådde topp 20 på popplista og toppen av R&B-lista, medan ein tredje singel, «Lead Me Into Love», blei ein R&B-hitt i topp ti. Albumet gav songaren endå tre Grammy-prisar.[treng kjelde]
I 1990 gav Baker ut Compositions, der ho hadde vore Baker meir involvert i låtskrivinga og produksjonen. Ho byrja òg ta med fleire jazzelement enn på tidlegare album. Frå albumet kom singlane «Talk to Me», «Soul Inspiration» og «Fairy Tales», og selde til slutt over ein million eksemplar.[treng kjelde]
Etter at turneringa og promoteringa av albumet enda i 1991, tok Baker ein pause frå musikken for å vera i ro med ektemannen sin, som ho seinare fekk to barn med. I mellomtida kjøpte Elektra rettane til, og gav ut at, det fyrste albumet hennar, The Songstress. Dette har seinare selt over 300 000 eksemplar.[treng kjelde]
Etter å ha delteke på Frank Sinatra-albumet Duets, vende Baker tilbake til hitlistene med Rhythm of Love i 1994. Albumet inneheldt «Body and Soul», den fyrste songen hennar på topp 40-poplista sidan 1989. Den andre singelen frå albumet, «I Apologize», vann Baker ein åttande grammypris. Albumet selde etterkvart over to millionar utgåvar, og blei hennar fjerde platina-seljande album på rad. Baker byrja turneen Rhythm of Love World Tour den 14. desember 1994 og heldt fram til 14. november 1995. Ho blei overført til eit anna merke innan Warner Music Group, Atlantic Records, i 1996.[10]
Etter Rhythm of Love Tour tok Baker ein pause for å vera heime med dei to sønene sine. Ho vende tilbake til studioet i 2000. I mai 2001 saksøkte ho Zomba Recording og Dreamhire-avdelinga deira for påstått skade til opptaka hennar av ein innleigd 24-spors lydspormaskin.[1][11] Ei omstrukturering i plateselskapet gjorde at Baker blei sagt opp frå Atlantic i november det året utan å gje ut noko med merket.[12]
Under dette avbrekket gav Rhino Records ut samlealbumet The Best of Anita Baker (kalla Sweet Love: The Very Best of Anita Baker i Storbritannia) i juni 2002. Albumet blei sertifisert til platina av RIAA, det vil seia at det selde over 1 000 000 eksemplar i USA. Same året vende Baker tilbake til konsertopptredenar, og skreiv kontrakt med Blue Note Records i mars 2004. I september det året gav ho ut albumet My Everything. Albumet nådde fjerdeplassen på Billboard 200 og fyrsteplassen på R&B-lista. Det selde til gullplate.
I 2005 gav Baker ut Christmas Fantasy, og blei nominert til ein grammypris for songen «Christmas Time Is Here». I mai 2005 blei Baker tildelt eit æresdoktorat i musikk av Berklee College of Music.[13] Baker la ut på ein toråig konsertturne i 2007 kalla An Evening with Anita Baker. Frå tid til anna song ho den amerikanske nasjonalsongen på idrettstilstellingar.[14]
I august 2012 gav Baker ut sin versjon av Tyrese sin hit «Lately». Songen gav Baker merksemd i nyhenda etter at han blei spelt kvar time gjennom dagen på urban adult contemporary-radio, og ho var den fyrste artisten med denne typen debut. Baker hadde arbeidd med albumet som inneheldt singelen «Only Forever» sidan 2010.[15] Blue Note sette utgjevingsdatoar for albumet i oktober og desember 2012, men Baker meinte det trengte meir arbeid, og utgjevinga blei utsett. Albumet blei aldri utgjeve. I februar 2013 vende Baker tilbake til nasjonal merksemd då ho framførte «Lately» og «Same Ole Love» på fjernsynsprogrammet Jimmy Kimmel Live!. Same månade var ho ved Grammy-utdelinga, der «Lately» var nominert til ein pris. I januar 2017 bekrefta Baker at ho hadde trekt seg tilbake.[16] Ho vende likevel tilbake til musikkarrieren i 2018.
Familieliv
[endre | endre wikiteksten]Baker gifta seg med Walter Bridgeforth, Jr. 24. desember 1988. Paret blei separert i 2005 og skilt to år seinare.[17] Dei har to søner, Walter Baker Bridgeforth (f. 1993) og Edward Carlton Bridgeforth (f. 1994).[18] Baker slo seg ned i Grosse Pointe Park, i Michigan.[19] Walter blei student ved Berklee College of Music i Boston.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]I 2013 blei Anita Baker innlemma i Michigan Rock and Roll Legends Hall of Fame.[20]
BET Awards
[endre | endre wikiteksten]År | Kandidat/verk | Pris | Resultat |
---|---|---|---|
2018 | Anita Baker | Lifetime Achievement Award | Vann |
Grammy Awards
[endre | endre wikiteksten]Baker er blitt nominert til grammyprisar 18 goner og vunne 8.
År | Kandidat/verk | Pris | Resultat |
---|---|---|---|
1987 | Rapture | Best R&B Vocal Performance, Female | Vann |
Sweet Love | Best Rhythm & Blues Song | Vann | |
1988 | "Ain't No Need to Worry" (med The Winans) | Best Soul Gospel Performance by a Duo, Group, Choir or Chorus | Vann |
1989 | "Giving You the Best That I Got" | Record of the Year | Nominert |
Song of the Year | Nominert | ||
Best R&B Vocal Performance, Female | Vann | ||
Best Rhythm & Blues Song | Vann | ||
1990 | Giving You the Best That I Got | Best R&B Vocal Performance, Female | Vann |
1991 | Compositions | Best R&B Vocal Performance, Female | Vann |
Compositions | Best Album Package | Nominert | |
1995 | "Body and Soul" | Best Female R&B Vocal Performance | Nominert |
Rhythm of Love | Best R&B Album | Nominert | |
1996 | "When You Love Someone" (med James Ingram) | Best Pop Collaboration with Vocals | Nominert |
"I Apologize" | Best Female R&B Vocal Performance | Vann | |
2005 | "You're My Everything" | Best Traditional R&B Vocal Performance | Nominert |
My Everything | Best R&B Album | Nominert | |
2007 | "Christmas Time Is Here" | Best Traditional R&B Vocal Performance | Nominert |
2013 | "Lately" | Best Traditional R&B Performance | Nominert |
American Music Awards
[endre | endre wikiteksten]The American Music Awards is an annual awards ceremony created by Dick Clark in 1973. Baker has received four awards from nine nominations.
År | Kandidat/verk | Pris | Resultat |
---|---|---|---|
1987 | Anita Baker | Favorite Soul/R&B Female Artist | Nominert |
Rapture | Favorite Soul/R&B Album | Nominert | |
1988 | Anita Baker | Favorite Soul/R&B Female Artist | Vann |
Rapture | Favorite Soul/R&B Album | Vann | |
1990 | Anita Baker | Favorite Pop/Rock Female Artist | Nominert |
Favorite Soul/R&B Female Artist | Vann | ||
"Just Because" | Favorite Soul/R&B Single | Nominert | |
1995 | Anita Baker | Favorite Soul/R&B Female Artist | Vann |
1996 | Anita Baker | Favorite Soul/R&B Female Artist | Nominert |
Soul Train Music Awards
[endre | endre wikiteksten]Soul Train Music Awards er eit årleg pristildelingstilstelling som blir sendt på nasjonalt fjernsyn. Prisen blei skipa i 1987, og ærer det beste i afro-amerikansk musikk og underhaldning.
År | Kandidat/verk | Pris | Resultat |
---|---|---|---|
1987 | "Sweet Love" | Best Single, Female | Vann |
Best Music Video | Nominert | ||
Rapture | Album of the Year, Female | Nominert | |
1989 | Giving You the Best That I Got | Best R&B/Urban Contemporary Song of the Year | Vann |
Best R&B/Urban Contemporary Single, Female | Vann | ||
Giving You the Best That I Got | Best R&B/Urban Contemporary Album of the Year, Female | Vann | |
1991 | "Talk to Me" | Best R&B/Urban Contemporary Single, Female | Nominert |
Compositions | Best R&B/Urban Contemporary Album of the Year, Female | Nominert | |
1995 | "Body and Soul" | Best R&B/Soul or Rap Music Video | Nominert |
Best R&B/Soul Single, Female | Vann | ||
Rhythm of Love | R&B/Soul Album of the Year, Female | Vann | |
2010 | Anita Baker | Legend Award, Female | Vann |
Andre utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]År | Kategori | Organisasjon | Resultat |
---|---|---|---|
1994 | Hollywood Walk of Fame | Stjerne ved 7021 Hollywood Blvd. | |
2005 | International Artist of the Year | Canadian Smooth Jazz Award[21] | Vann |
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1983: The Songstress
- 1986: Rapture
- 1988: Giving You the Best That I Got
- 1990: Compositions
- 1994: Rhythm of Love
- 2004: My Everything
- 2005: Christmas Fantasy
Turnear
[endre | endre wikiteksten]- The Rapture Tour (1986-87)
- Giving You the Best World Tour (1988-89)
- Compositions World Tour (1990-91)
- Rhythm of Love World Tour (1994-95)
- Anita Live! (2002-04)
- An Evening with Anita Baker (2007-09)
- Anita Baker Farewell Tour (2018)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Huey, Steve. «Anita Baker». AllMusic. Henta July 1, 2018.
- ↑ Hutchings, David (24. november 1986). «Ex-Receptionist Anita Baker's Lp Gets a Rapture-Ous Reception—at Last». People.com. Arkivert frå originalen 23. mars 2014. Henta 27. juni 2014.
- ↑ Holden, Stephen (September 3, 1986). «The Pop Life – Anita Baker And Her Musical Roots». NYTimes.com. Henta June 27, 2014.
- ↑ «Anita Baker Has No Regrets». Essence.com. December 16, 2009. Henta June 27, 2014.
- ↑ «The Anita Baker Pages». Oreoluwa.com. July 1, 1991. Arkivert frå originalen September 7, 2008. Henta 27. juni 2014.
- ↑ Smith 1996, s. 19.
- ↑ 7,0 7,1 Smith 1996.
- ↑ David Nathan (1999). The Soulful Divas: Personal Portraits of Over a Dozen Divine Divas. Billboard Books. s. 348.
- ↑ Whitburn, Joel (1996). The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Edition (Billboard Publications)
- ↑ «Songstress Anita Baker Successfully Orchestrates Unprecedented Record Label Transfer; Leaves Elektra Records for Atlantic Records». PR Newswire. 6. september 1996. Arkivert frå originalen 15. januar 2014.
- ↑ «Anita Baker Sues Over Allegedly Ruined Tracks». Billboard. May 18, 2001. Henta October 13, 2012.
- ↑ «Stewart, Baker, O'Connor Latest To Leave Atlantic». Billboard. 18. mai 2001. Henta 13. oktober 2012.
- ↑ «Anita Baker, Ron Carter, and Kevin Eubanks to Receive Honorary Doctor of Music Degrees at Berklee College of Music Commencement May 7, 2005».
- ↑ «National Anthem Hits a Bad Note, Twitter users blast Anita Baker's singing of the Star-Spangled Banner». Abcnews.go.com. Henta December 26, 2013.
- ↑ «Anita Baker Hit The Studio With Snoop Dogg». Twanatells.com. July 18, 2010. Arkivert frå originalen October 21, 2012. Henta December 26, 2013.
- ↑ «R&B Legend Anita Baker Confirms Retirement – R&B News». Singersroom.com. January 16, 2017. Henta May 20, 2017.
- ↑ Mark Jordan. «Baker says she is finalizing her divorce». Commercialappeal.com. Henta December 26, 2013.
- ↑ Steve Dougherty (October 10, 1994). «Starting to Recapture the Rapture». People. Arkivert frå originalen 16. september 2018. Henta 8. februar 2022.
- ↑ «Grosse Pointe police: Peeper at Anita Baker's window was mistaken». WDIV-TV. February 1, 2012. Arkivert frå originalen June 10, 2012. Henta February 20, 2012.
- ↑ «Michigan Rock and Roll Legends – ANITA BAKER».
- ↑ [1] Arkivert December 4, 2007, ved Wayback Machine.
- Smith, Jessie (1996). Notable Black American Women: book II. VNR AG. ISBN 978-0-81039-177-2.
- Norment, Lynn (September 1994). «Anita Returns With a Bang». Ebony.
- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Anita Baker ved The Internet Movie Database (IMDb)
- Anita Baker at SoulTracks
- Anita Baker Music Videos Arkivert 2021-04-19 ved Wayback Machine. at Anita Baker Music