Hopp til innhald

Anhydritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anhydrite

Anhydritt i Chihuahua i Mexico
Generelt
KategoriSulfatmineral
Kjemisk formelVassfritt kalsiumsulfat: CaSO4
Strunz-klassifisering07.AD.30
Dana-klassifisering28.3.2.1
KrystallsymmetriOrtorombisk 2/m 2/m 2/m
Einingscellea = 6.245(1) Å, b = 6.995(2) Å, c = 6.993(2) Å; Z = 4
Identifikasjon
Fargefargelaus til lyseblå eller fiolett om gjennomsiktig; kvit, blålilla, rosa, bleik brun eller grå frå ureinheiter.
KrystallformSjeldan søyleforma og prismatiske krystallar. Vanlegvis som trådaktige, parallelle årer som bryt i bitar. Finst òg som korna, massive eller nodulære massar
KrystallsystemOrtorombisk – dipyramideforma
TvillingEnkel eller fleire gonger på {011} er vanleg; kontakt-tvilling er sjeldan på {120}
Kløyv[010] perfekt
[100] perfekt
[001] god, fører til halvvegs kubiske bitar
BrotMuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala3.5
Glansperleaktig på {010}
glasaktig til feittete på {001}
glasaktig på {100}
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt2.97
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa ( )
Brytingsindeksnα = 1.567–1.574
nβ = 1.574–1.579
nγ = 1.609–1.618
Dobbeltbrytingδ = 0.042–0.044
PleokroismeFor fiolett varietetar
X = fargelaus til bleik gul eller rosa
Y = bleik fiolett eller rosa
Z = fiolett.
2V-vinkel56–84°
Smeltbarheit2
Andre eigenskaparSomme prøvar fluoreserer; mange fleire fluoreserer etter oppvarming
Kjelder[1][2][3][4]
Krystallstrukturen til anhydritt

Anhydritt er eit fargelaust, kvitt eller svakt farga mineral med liten hardleik. Det består av kalsiumsulfat, CaSO4, har rombisk symmetri og finst ofte saman med gips og halitt (steinsalt) som avsetning frå inndampa havvatn (evaporitt), av og til òg på malmgangar. Ved å oppta vatn går anhydritt under volumauke over til gips, CaSO4•2H2O. Dette kan skape jordheving eller til og med jordskjelv.

Anhydritt er kjend frå Strynefjellet, fleire stader i dei vestnorske gneisområda, Søftestad og Sulitjelma gruver og dessutan Svalbard.

  1. Klein, Cornelis and Cornelius S. Hurlbut, 1985, Manual of Mineralogy, 20th ed., John Wiley and Sons, New York, ISBN 0-471-80580-7
  2. Anhydrite. Webmineral
  3. Anhydrite. Mindat.org
  4. Handbook of Mineralogy