Hopp til innhald

Andy Bown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andy Bown

Fødd27. mars 1946
London i England (78 år)
FødestadBeckenham
AliasAndrew Bown
OpphavStorbritannia
Aktiv1966 til i dag
SjangerHardrock, rock and roll
Instrumentgitar
Tilknytte artistarStatus Quo
The Herd
Judas Jump
Peter Frampton
Pink Floyd
Verka somkomponist, gitarist, pianist, musikar

Andrew Steven «Andy» Bown (fødd 27. mars 1946) er ein engelsk musikar, som har spesialisert seg på keyboard og bassgitar. Han er mest kjend som medlem av rockebandet Status Quo.

Det første store bandet hans var The Herd i lag med Peter Frampton. Etter The Herd vart oppløyst var han to år i Judas Jump, som spelte på Isle of Wight-festivalen i 1970. Han spelte i bandet til Peter Frampton i 1970-åra. I 1973 var han studiomusikar på Hello! av Status Quo, og vart sidan fulltidsmedlem i bandet. Han spelte bass i surrogatbandet til Pink Floyd under The Wall-turneen deira i 1980 og 1981, og seinare keyboard på albumet The Final Cut. Han spelte òg hammondorgel på soloalbumet til Roger Waters, The Pros and Cons of Hitchhiking i 1984.