Andrew Wakefield
Andrew Wakefield | |||
| |||
Fødd | Andrew Jeremy Wakefield 3. september 1956 Eton i Berkshire | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | forskningsjuks | ||
Yrke | lege, vaksinemotstander, filmprodusent, filmregissør, manusforfattar | ||
Institusjonar | University of Toronto Royal Free Hospital Johnson Center for Child Health and Development | ||
Alma mater | St Mary's Hospital Medical School King Edward's School | ||
Sambuar | Elle Macpherson | ||
Medlem | The European Forum for Vaccine Vigilance |
Andrew Jeremy Wakefield (fødd 3. september 1956) er ein britisk tidlegare kirurg og forskar.
Wakefield er mest kjend for den forfalska forskinga si på samanhengen mellom MMR-vaksine og autisme.[1][2] I 1998 publiserte han ein studie som viste ein klar slik samanheng, og dette førte til sterk vaksineskepsis i Storbritannia. Skepsisen spreidde seg også til mange andre land, mellom anna Noreg.[3]
Sjølv om ingen andre forskarar kunne replikera studien, blei ikkje svindelen avdekt før i 2004 då journalisten Brian Deer undersøkte saken. Han avdekka at Wakefield hadde forfalsket studen, og at han også hadde økonomiske motiv for å gjera dette.[4] Wakefield innrømma sidan å ha forfalska testresultat som skulle mistenkeleggjera vaksiner.[5] I 2010 blei Wakefield fåadømt retten til å praktisere som lege i Storbritannia.[6]
Som følgje av verksemda til Wakefield steig førekomsten av meslingar markant i Storbritannia, noko som førte til alvorleg sjukdom og død for nokre barn som ikkje var blitt vaksinerte.[7] Det fanst liknande tendensar internasjonalt, og i Sør-Afrika førte den irrasjonelle frykta for MMR-vaksinen til fleire hundre dødsfall blant barn som fekk meslingar.[8]
Trass i avsløringane har Wakefield halde fram med å ha mange tilhengjarar verda over, og skepsis mot MMR-vaksinen er framleis utbreidd.[9] Blant dei som har støtta Wakefield sin påstand om ein samanheng mellom vaksiner og autisme er Donald Trump.[10]
Den norske antroposofen Trond Skaftnesmo prøvde i boka Folkefiende å tilbakevisa anklagene mot Wakefield og meinte han var utsett for eit politisk komplott.[11]
I 2020 gav Brian Deer ut boka The Doctor Who Fooled the World ('Legen som forleda verden') der han avslørte korleis ein av dei næraste medarbeidarane til Wakefield hadde gjeve han innsideinformasjon om Wakefield og antivaksine-rørsla hans.[12]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Forfalsket sammenheng mellom vaksine og autisme VG
- ↑ «16 years ago, a doctor published a study. It was completely made up, and it made us all sicker.». Upworthy.com. Henta 15. april 2016.
- ↑ Norske småbarnsforeldre lurt av vaksinebløff NRK
- ↑ Revealed: Wakefield's secret first MMR patent claims "safer measles vaccine" briandeer.com
- ↑ Owen Dvyer (19. april 2008). «Wakefield admits fabricating events when he took children’s blood samples» (på engelsk). US National Library of Medicine. Henta 4. mai 2010.
- ↑ «Omstridt britisk lege mistet lisensen». NRK. 24. mai 2010. Henta 4. mai 2019.
- ↑ Study Linking Vaccines to Autism Is “Fraudulent” Time Healthland
- ↑ South Africa: Measles outbreak spreading IRIN Africa
- ↑ Meslingevaksine fører ikke til autisme Morgenbladet
- ↑ Antivaxers supported President-Elect Donald Trump. Now they want him to satisfy their demands. ScienceBlogs
- ↑ Bokomtale: Folkefiender - om sannhetens pris og vitenskapens sjel Arkivert 2013-12-02 ved Wayback Machine. Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon
- ↑ «The double agent who brought down the anti-vaccine fanatics: Wendy Stephen was the mother trusted by disgraced Andrew Wakefield - only to pass on his secrets to the journalist who exposed his lies». Daily Mail. 4. september 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Andrew Wakefield» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2021.