Anders B. Werp
Utsjånad
Anders B. Werp | |||
| |||
Fødd | 16. desember 1961 (62 år) Øvre Eiker | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, forstmann | ||
Utdanna ved | handelshøyskole Statens skogskole Handelshøyskolen BI | ||
Verv | Ordførar i 1999-2009 | ||
Føregangar | Magne Ødegård | ||
Etterfylgjar | Ann Sire Fjerdingstad | ||
Alle verv |
|
Anders Bjørnsen Werp (fødd 16. desember 1961 i Øvre Eiker) er ein norsk politikar frå Høgre. Han har sete på Stortinget for Buskerud fylke sidan 2009. Han var kommmunestyremedlem i Øvre Eiker 1995–2009, og ordførar 1999–2009. Medlem av Buskerud fylkesting 1999–2007. Han var dessutan vararepresentant til Stortinget 1997–2005. Werp har tidlegare jobba som økonomikonsulent og næringspolitisk rådgjevar i Norges Skogeierforbund 1989–1999. Han har også bakgrunn frå gards- og skogsarbeid. Werp var leiar i Buskerud Høgre 1998–2008, og sat dermed også i sentralstyret til Høgre.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2009–2013: Medlem i Justiskomiteen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Anders B. Werp hos Stortinget