Anatolij Serdjukov
Anatolij Serdjukov
Анатолий Эдуардович Сердюков | |||
| |||
Fødd | 8. januar 1962 (62 år) Kholmskaya | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Sovjetunionen, Russland | ||
Parti | Sameint Russland | ||
Yrke | politikar, forretningsdrivande, samfunnsøkonom, næringslivsleiar | ||
Utdanna ved | juridisk fakultet, Statsuniversitetet i St. Petersburg Statsuniversitetet i St. Petersburg | ||
Ektefelle | Jevgenija Vasiljeva | ||
Verv | Forsvarsminister i Russland 15. februar 2007-6. november 2012 | ||
Føregangar | Sergej Ivanov | ||
Etterfylgjar | Sergej Kuzjugetovitsj Sjojgu | ||
Alle verv |
Anatolij Eduardovitsj Serdjukov (fødd 8. januar 1962 i Kholmskij i Krasnodar kraj) er ein russisk politikar. Han var forsvarsminister i Russland frå 2007 til 2012 og skatte- og avgiftsminister frå 2004 til 2007.
Serdjukov er utdanna innan økonomi og jus. Han fullførte si første utdanning i Leningrad i 1984, og tok ein ny grad ved St. Petersburg statsuniversitet i 2001.
I mai 2001 vart han nestleiar for Skatte- og avgiftsdepartementet si avdeling i St. Petersburg, i november same året vart han leiar for avdelinga. 2. mars 2004 vart han henta til Moskva som viseminister i Skatte- og avgiftsdepartementet, og berre to veker seinare tok han over som skatte- og avgiftsminister. 27. juli 2004 vart han leiar for Det føderale skattevesenet, underlagt Finansdepartementet.
15. februar 2007 utnemnde president Vladimir Putin han til ny forsvarsminister etter Sergej Ivanov. Han vart avsett 6. november 2012 i samband med ein korrupsjonsskandale.[1] Han blei etterfølgd av Sergej Kuzjugetovitsj Sjojgu.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografi på det russiske Finansdepartementet sin nettstad (på russisk, arkivert)