Ana Fidelia Quirot
Ana Fidelia Quirot | |
Statsborgarskap | Cuba |
Fødd | 23. mars 1963 (61 år) Palma Soriano |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Ana Fidelia Quirot Moré (fødd 23. mars 1963) er ein kubansk tidlegare friidrettsutøvar som særleg utmerkte seg på 800 meter, men òg var ein framifrå 400-meterløpar. Quirot vart verdsmeister på 800 m både under VM 1995 og VM 1997. Ho vann elles sølvmedalje i VM 1991, OL-sølv i 1996 og OL-bronse i 1992, alle på 800 meter. I sine personbeste løp på 800 m og 400 m fekk Quirot notert høvesvis 1.54,44 i 1989 og 49,61 sekundar i 1991.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Quirot vart nummer fire på 800 m i friidretts-VM 1987. To år seinare vann ho 800 m under verdscupen 1989 i Barcelona på tida 1.54,44, den fjerde raskaste tida på distansen nokon gong. Einast verdsrekordhaldar Jarmila Kratochvílová, sovjetiske Nadezjda Olizarenko og kenyanske Pamela Jelimo har sprunge fortare.
Ved friidretts-VM 1991 måtte Quirot sjå seg slått med fem hundredels sekund av sovjetiske Lilija Nurutdinova i ein rekordjamn finale. I OL-finalen året etter Quirot måtte eit steg ned på sigerspallen til bronseplass, klart slått av vinnaren Ellen van Langen frå Nederland og Nurutdinova.
I 1993 vart gravide Quirot alvorleg brannskadd då ein oljekokar i heimen eksploderte, og det ufødde barnet døydde. Etter talrike operasjonar byrja ho å trene att. Under verdsmeisterskapen 1995 sigra ho på 800 m med god margin til dei sterkaste finalemotstandarane. I 1996 kom ho på andreplass under Sommar-OL i Atlanta, eit løp som russiske Svetlana Masterkova vann. Sesongen etter avslutta Quirot sine mange år på friidrettsbana med å forsvare VM-tittelen på 800 m då VM i friidrett 1997 fann stad i Aten.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1987 i Roma: Nr 4 – 1.55,84
- VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje – 1.57,55, bakom Lilija Nurutdinova (1.57,50)
- OL 1992 i Barcelona: Bronsemedalje – 1.56,80
- VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje – 1.56,11, framom Letitia Vriesde (1.56,68)
- OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 1.58,11, bakom Svetlana Masterkova (1.57,73)
- VM 1997 i Aten: Gullmedalje – 1.57,11, framom Jelena Afanasjeva (1.57,56)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ana Fidelia Quirot» frå Wikipedia på tysk, den 19. september 2016.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1963
- Cubanske mellomdistanseløparar
- Cubanske sprintarar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Cuba
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Cuba
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1992
- Cubanske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Cubanske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996