Hopp til innhald

Amurbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amurbukta (russisk Аму́рский зали́в Amurskij zaliv) er ei bukt i den inste og nordlegaste delen av Peter den store-bukta på nordkysten av Japanhavet. Ho er rundt 65 kilometer lang, mellom 9 og 20 kilometer brei og opptil 20 meter djup. Om vinteren, frå slutten av desember til midt i mars, er Amurbukta dekt av is, men isdekket er tynt. På austsida av bukta ligg hamnebyen Vladivostok.