Amfibium
Amfibium | |
Ei padde | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Megaklasse: | Beinfiskar Osteichthyes |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Amfibium Amphibia |
Infraklasse: | †Amfibium Elpistostegalia Gray, 1825 |
Amfibium eller padder er firbeinte eller sekundærte beinlause dyr som lever både på land og i vatn og manglar amniotiske egg. Dei er vekselvarme, det vil seie at kroppstemperaturen er avhengig av omgjevnadane, og er i stand til å pusta over kroppsflata. Det er beskrive rundt 6000 nolevande artar, mange sterkt truga av utrydjing. Amfibia omfattar froskar, padder, salamandrar og ormeamfibium.
Utvikling
[endre | endre wikiteksten]Dei første store amfibiegruppene utvikla seg i devontida frå ferskvasslevande kvastfinnefisk (eller lungefisk?) med finnar omdanna til bein. Fleire artar på denne tida kunne bli fleire meter lange, noko berre særs få japanske salamandrar gjer dei etter i dag. Me reknar me at desse dyra erobra landjorda for å unngå å bli jakta på, men dei møtte òg eit par utfordringar der oppe: Dei hadde korkje vasstett skinn eller vasstette egg, og hovudføda deira var framleis i vatnet.
I karbontida flytta amfibia seg opp i næringskjeda og fekk ei rolle som tilsvarar den krokodillane har i dag. Dei åt både store insekt, som levde på land, og fisk som levde i vatn. Gjennom permtida og tidleg trias vart dei derimot utkonkurrerte av proto-krokodiller; krypdyr som overtok nisjene deira. Dette førte til at amfibia migrerte til kaldare strøk (sidan dei i motsetnad til urkrokodillane kunne gå i dvale) eller vart mindre.
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]- Underklasse Labyrinthodontia (utdøydd)
- orden Ichtyostegalia (utdøydd)
- orden Temnospondyli (utdøydd)
- orden Anthracosauria (utdøydd)
- Underklasse Lepospondyli (utdøydd)
- Orden Adelospondyli (utdøydd)
- Orden Aïstopoda (utdøydd)
- Orden Nectridea (utdøydd)
- Orden Tuditanomorpha (utdøydd)
- Orden Lysorophia (utdøydd)
- Underklasse Lissamphibia
- Orden Anura (froskar og padder)
- Orden Caudata (salamandrar)
- Orden Gymnophiona (ormeamfibium)