Amer
Utsjånad
Amer | |||
elv | |||
Land | Nederland | ||
---|---|---|---|
Lengd | 12 km | ||
Kjelde | Donge /Bergsche Maas | ||
Munning | Hollands Diep | ||
Amer 51°43′23″N 4°45′39″E / 51.723055555556°N 4.7608333333333°E | |||
Kart som viser Amer.
| |||
Wikimedia Commons: Amer (river) |
Amer er ei elv i Noord-Brabant i Nederland. Ho oppstår der elvane Bergse Maas renn saman med Donge nær Raamsdonksveer til eit punkt der ho i lag med Nieuwe Merwede dannar estuaret Hollands Diep. Ho har ei lengd på 12 km og er ei stor transportåre. Ho dannar den sørlege grensa til Biesbosch nasjonalpark.
Elva er òg kjend på grunn av Amercentrale, eit av dei største kraftverka i Nederland som ligg ved breidda. På grunn av dette nyttar skipa som transporterer kol til kraftverket den austlege delen av elva (hovudsakleg kjem dei opp Wilhelminakanaal).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Amer» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2008.