Amazonasbekkenet
Amazonasbekkenet | |||
Utstrekninga av Amazonasbekkenet er indikert med mørk grøn farge
| |||
Land | Brasil, Peru Colombia, Bolivia Ecuador, Venezuela | ||
---|---|---|---|
Del av | Amazonia | ||
Areal | 7 300 000 km² | ||
Wikimedia Commons: Amazon basin |
Amazonasbekkenet, ofte kalla Amazonasbassenget, er nedbørsfeltet i Sør-Amerika som er drenert av Amazonaselva med sideelvar. Nedbørsfeltet dekkjer eit område på rundt 7 300 000 km² eller rundt 40 prosent av det søramerikanske kontinentet. Amazonasbekkenet har størst areal innanfor Brasil, men ligg òg i Peru, Bolivia, Colombia, Ecuador, og Venezuela, og grensar dessutan mot Guyanaregionen.[1] Amazonasbekkenet er avgrensa av Guayanaskjoldet i nord, Andesfjella i vest og cerrado- savannar i sør.
Utanom grensestrøka i vest og nord ligg nedbørsfeltet i lågtliggande terreng, det meste dekt av regnskogen i Amazonas. Med eit område på 5,5 millionar km² med tett tropisk skog, er regnskogen i Amazonas den største regnskogen i verda.
Amazonaselva byrjar i Andesfjella vest for bassenget med vektige sideelver som Marañón, Apurímac og Mantaro i Peru. Andesfjella i Peru utgjer òg dei høgaste punkta i det vestlege vasskiljet.
Med ei lengd på rundt 6400 km frå dei fjernaste kjeldene til utlaupet i Atlanterhavet, er ho ei av dei to lengste elvane i verda. Eit team av forskarar har hevda at Amazonas er lengre enn Nilen, men debatten om kor presist dette er held fram.[2] Amazonas-systemet transporterer det største volumet av vatn i verdas elvesystem, og utgjer omtrent 20 % av det totale ferskvatnet som blir ført til havs av elvar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger dels på «Amazon basin» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2024
- Referansar
- ↑ Albert, James and Hoorn, Carina and Malhi, Yadvinder and Phillips, Oliver and Encalada, Andrea C and Steege, H; et al. (2021). «The multiple viewpoints for the Amazon: geographic limits and meanings» (PDF). Amazon Assessment Report.
- ↑ Raymond E. Crist; Alarich R. Schultz; James J. Parsons (16. mars 2018). «Amazon River». Encyclopædia Britannica. Henta 27. januar 2024.