Alice Springs
Alice Springs | |
---|---|
Andre namn | Mparntwe |
Styresmakter | |
Land | Australia |
Grunnlagd | 1872 |
borgarmeister | Damien Ryan |
Geografi | |
Flatevidd | 149 km² |
Flatevidd - By |
148 km² |
Innbyggjarar - By (2008) - folketettleik |
27 481 178/km² |
Tidssone | UTC 9.30 (UTC9.30) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.alicesprings.nt.gov.au/ |
Alice Springs, også kjend som Alice og the Alice, eller Mparntwe av arrernte-aboriginarar frå området, er ein by i Northern Territory i Australia. Med 27 481 innbyggjarar (2008) er han den nest største byen i delstaten, etter Darwin. Katherine er den einaste andre staden av ein viss storleik i delstaten. Alice Springs ligg midt i Australia, mellom Darwin og Adelaide.
Byen er best kjend i utlandet frå romanen A Town Like Alice (norsk En by som Alice) av Nevil Shute, som har noko av handlinga si lagd her. Den aboriginske heilage staden og australske landemerket Uluru (Ayers Rock) ligg òg i nærleiken.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Alice Springs blei grunnlagt som Stuart, ein base for reisande gjennom med kamelkaravane gjennom den australske ørkenen. Busetjinga låg ved det pemanente vassholet Alice Springs, kalla opp etter kona til Charles Todd som var postmaster for Southern Australia. Todd sjølv gav namnet til elva Todd, som byen òg ligg ved sida av.
Busetjinga flytta vekk frå vassholet til jarnbanelinja The Ghan då denne nådde området i 1929, men Alice Springs blei fortsatt brukt som namn. I 1933, etter mykje debatt, blei dette det offisielle namnet på byen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Alice Springs» på Engelsk Wikipedia Revision as of 07:36, 17 February 2007 by Harryboyles