Hopp til innhald

Algidus Mons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Algidus Mons
fjell
Land  Italia
Kart
Algidus Mons
41°43′36″N 12°46′43″E / 41.7267°N 12.7786°E / 41.7267; 12.7786

Algidus Mons er den austlegaste delen av Albanarfjella, som er eit stort sovande vulkanområde, om lag 20 km søraust for Roma i Italia. Ryggen vert kryssa av smale ravinar kalla la Cava d'Aglio.

Via Latina var ein romarveg som var strategisk viktig for det romerske militæret og som passerte gjennom Algidus Mons. Dionysius av Halicarnassus skreiv at det vart grunnlagd ein by på fjellet (Dion. Halic. x. 21, xi. 3), men dette er ikkje vorte stadfesta i nyare tid.