Hopp til innhald

Alfred Ritscher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Ritscher
Fødd23. mai 1879
Bad Lauterberg im Harz
Død30. mars 1963
Hamburg
NasjonalitetTyskland
Yrkeoppdagar

Alfred Ritscher (fødd 23. mai 1879 i Bad Lauterberg, død 30. mars 1963 i Hamburg) var ein tysk polarutforskar. Som kaptein i den tyske marinen leia han den tyske antarktisekspedisjonen 1938–39. Ekspedisjonen kartla store delar av Dronning Maud Land som vart namngjeve Neuschwabenland.

Ritschertind og Ritscherflya i Dronning Maud Land er kalla opp etter han.[1]