Hopp til innhald

Alf-Inge Håland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Alf-Inge Haaland)
Alf-Inge Håland
Fødd 23. november 1972
Fødestad Stavanger kommune
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1990–1993
1993–1997
1997–2000
2000–2003
2012–2013
1990–2013
Bryne
Nottingham Forest
Leeds United
Manchester City
Rosseland
Totalt:
068 00(4)
093 00(7)
092 00(8)
047 00(3)
09 00(1)
309 0(23)
Landslag
1994–2001 Noreg 034 0(0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 31. mai 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 31. mai 2011

Alf-Inge Rasdal Håland (fødd 23. november 1972 på Bryne) er ein norsk fotballspelar og fotballeiar. Han er sportsleg leiar i Bryne FK. Kallenamnet hans er «Alfie». Håland er ein av av seks spelarar som har spela på det norske landslaget utan nokon gong å ha spela i den norske toppdivisjonen. Totalt spela Håland 34 A-landskampar.

Håland begynte fotballkarrieren i Bryne. Hausten 1993 signerte han for den engelske klubben Nottingham Forest. Han spelte seinare for Leeds og Manchester City, og deretter for Rosseland BK.

Landslagsspel

[endre | endre wikiteksten]

Håland fekk sin debut mot Costa Rica 19. januar 1994 i San Diego, ein kamp som enda mållaust. Han spelte VM-kampane mot Mexico og Italia under VM i fotball-1994. Fire år seinare kom han ikkje med i troppa til VM i fotball 1998. Etter juni 1999 fekk Håland berre ein landskamp, heimekampen mot Bulgaria 25. april 2001 vart han siste i landslagsdrakta. Han skåra ikkje for landslaget.

  • Tredjeplass i den engelske ligaen: 1995 med Leeds United

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]