Hopp til innhald

Albert Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Albert Gustav Lunde (26. november 187730. januar 1939) var ein norsk lekpreikar frå Vanse i Vest-Agder. Han forkynte både i USA, Noreg og i store delar av Skandinavia.

Lunde reiste til USA i 1895 der han vart kjent med Frelsesarmeen. Etter mellom anna å ha delteke i den spansk-amerikanske krig på Filippinane, høyrde han i 1899 predikanten D.L. Moody tale om tilhøva i USA. Han tok til seg bodskapen hans og byrja sjølv evangelisk møteverksemd mellom innvandrarar i det norske Amerika.

Lunde let seg døype, men var aldri medlem i noko dissentarsamfunn.[1] I 1901 kom han heim til Noreg og var aktiv som fri reisepredikant. Åra 1905-06 vart han landskjend gjennom ei rekke møte i Kristiania som samla mange menneske. Sidan reiste han rundt og preika i både Sverige, Danmark og Finland.

Lunde agiterte aldri for særmeiningar og vart stort sett møtt med velvilje. Indremisjonsrørsla var noko atterhalden, det var under tvil han fekk halde møte på bedehusa. Han fekk tale der på vilkår «om å ikke angripe den kjære lutherske tro».

I 1913 vart Den evangeliske forening stifta med Lunde som forstandar. Frå 1917 til -37 var han formann i Evangelisk Orientmisjon. Bøkene Prædikener frå 1905 og Fra Calmeyergadens prædikestol (2 band, 1912–13) nådde mange lesarar.