Albanosjøen
Utsjånad
Albanosjøen | |||
innsjø | |||
Castel Gandolfo ved Albanosjøen
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | Kratersjø | ||
Lengd | 3,5 km | ||
Breidd | 2,3 km | ||
Areal | 6 km² | ||
Største djupn | 170 m | ||
Koordinatar | 41°45′00″N 12°39′54″E / 41.75°N 12.665°E | ||
Albanosjøen 41°44′51″N 12°40′08″E / 41.7474°N 12.669°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Albano |
Albanosjøen eller Albanersjøen er ein liten kratersjø i Albanarfjella i Lazio i Italia, om lag 25 km søraust for Roma. På ei høgd over innsjøen ligg Castel Gandolfo, der paven har ein villa.
I Romarriket vart han kalla «Albanus Lacus» og i nærleiken stod Alba Longa.
Med eit djup på opp til 170 meter er han den djupaste i Lazio. Han er om lag 3,5 km lang og 2,3 km brei og er danna av to vulkankrater. Ryggen mellom dei to kratera ligg midt i innsjøen på 70 meters djup.
Under Sommar-OL 1960 i Roma vart øvingane i roing haldne her.
-
Måleri av Sylvester Shchedrin, før 1825
-
Albanosjøen av George Inness, 1869
-
Panorama
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake of Albano» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Albanosjøen