Alan Ball
Fødd | 12. mai 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Farnworth | ||
Død | 25. april 2007 | ||
Dødsstad | Warsash |
James Alan Ball (12. mai 1945–25. april 2007) var ein engelsk fotballspelar, fødd i Farnworth i Lancashire, som vart verdsmeister med England under fotball-VM 1966.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Midtbanespelaren Ball spelte for Blackpool FC frå 1962 til -66. Straks etter fotball-VM 1966 vart han overført til Everton FC og vart seriemeister med klubben i 1970. I desember 1971 vart han overført til London-laget Arsenal for rekordhøge 220 000 pund. Sommaren 1976 gjekk turen til Southampton FC, ein klubb spelte for til 1983, med fleire avbrot til spel i Nord-Amerika.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Ball fekk sin landslagsdebut borte mot Jugoslavia i mai 1965. Løpssterke Ball deltok i fyrste rekke då England i 1966 vann fotball-VM på eigen grunn, han var pasningsleggjar då Geoff Hurst gav England leiinga 3-2 under VM-finalen på Wembley stadion i London. Han var også med i fotball-VM 1970 i Mexico. Fram til 1975 spelte Ball 72 landskampar og skåra åtte mål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1996 for England
- Engelsk ligameister: 1970 med Everton FC