Al Kooper
Al Kooper | |||
Al Kooper i eit intervju i 2009 | |||
Fødd | 5. februar 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Brooklyn i New York i USA | ||
Fødenamn | Alan Peter Kuperschmidt | ||
Alias | Roosevelt Gook | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1958 til i dag | ||
Sjanger | Blues, R&B, pop rock | ||
Instrument | vokal, gitar, bass, hammondorgel, klaverinstrument, perkusjon, mandolin | ||
Tilknytte artistar | Mike Bloomfield, The Blues Project, Blood, Sweat & Tears, Bob Dylan | ||
Plateselskap | ABC Records | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar, produsent | ||
Prisar | Musicians Hall of Fame and Museum, Rock and Roll Hall of Fame |
Al Kooper (fødd 5. februar 1944 som Alan Peter Kuperschmidt) er ein USA-amerikansk låtskrivar, plateprodusent og musikar. Han er kjend for å organisere Blood, Sweat & Tears, men var ikkje lenge nok i gruppa til at han fekk med seg gjennombrotet deira. Kooper spelte også i studio for Bob Dylan då han gjekk elektrisk i 1965, og førte saman gitaristane Mike Bloomfield og Stephen Stills til å spele albumet Super Session. Han har sidan hatt ein suksessrik solokarriere, skrive musikk for filmar og drive opplæring i låtskriving.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Kooper var fødd i Brooklyn,[1] og voks opp i Hollis Hills i Queens i New York. Den første musikalske suksessen var som fjorten år gammal gitarist i The Royal Teens, mest kjend for ABC Records-songen «Short Shorts» i 1958. I 1960 slo han seg saman med låtskrivarlaget Bob Brass og Irwin Levine, og skreiv «This Diamond Ring», som vart ein hit for Gary Lewis and the Playboys. Då han var 21 flytta Kooper til Greenwich Village.
Han spelte med Bob Dylan på konsertane hans i 1965 og i studio i 1965 og 1966. Mellom anna spelte han Hammondorgel med Dylan på Newport Folk Festival i 1965. Kooper spelte mellom anna Hammondorgel på Dylan sin «Like a Rolling Stone». Det var under desse innspelingane at Kooper møtte og vart ven med Mike Bloomfield. Han arbeidde mykje med Bloomfield dei komande åra. Kooper spelte igjen orgel med Dylan i 1981 på verdsturneen hans.
Kooper vart med i The Blues Project som klaverspelaren deira i 1965, men slutta kort stund før konserten deira i Monterey Pop Festival i 1967. Han danna Blood, Sweat & Tears i 1967, men slutta i gruppa etter det første albumet, Child Is Father to the Man, på grunn av musikalske usemjer i 1968.[2] Han spelte inn Super Session med Bloomfield og Stills i 1968,[3] og i 1969 samarbeidde han med den 15 år gamle gitaristen Shuggie Otis på albumet Kooper Session. I 1975 produserte han debutalbumet til The Tubes.
Kooper har spelt på hundrevis av innspelingar, mellom anna med The Rolling Stones, B.B. King, The Who, The Jimi Hendrix Experience, Alice Cooper og Cream. Etter han flytta til Atlanta i 1972, oppdaga han bandet Lynyrd Skynyrd, og produserte og spelte på dei første tre albuma deira, inkludert singlane «Sweet Home Alabama» og «Free Bird». Kooper skreiv òg musikken til fjernsynsserien Crime Story og filmen The Landlord. Kooper har òg skrive musikk for fleire fjernsynsfilmar.
Kooper har gjeve ut memoarane sine Backstage Passes: Rock 'n' Roll Life In The Sixties (1977) og Backstage Passes & Backstabbing Bastards: Memoirs of a Rock 'N' Roll Survivor (1998).
Han vart innlemma i Musicians Hall of Fame and Museum i Nashville.[4]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Solo
[endre | endre wikiteksten]Studioalbum
[endre | endre wikiteksten]- I Stand Alone (Februar 1969)
- You Never Know Who Your Friends Are (Oktober 1969)
- Easy Does It (September 1970)
- New York City (Juni 1971)
- A Possible Projection of the Future / Childhood's End (April 1972)
- Naked Songs (1973)
- Act Like Nothing's Wrong (Januar 1977)
- Championship Wrestling (med Jeff «Skunk» Baxter) (1982)
- Rekooperation (Juni 1994)
- Black Coffee (August 2005)
- White Chocolate (2008)[1]
Konsertalbum
[endre | endre wikiteksten]- Soul of a Man (Februar 1995)
Samarbeid
[endre | endre wikiteksten]- Super Session (med Stephen Stills og Mike Bloomfield) (1968)
- The Live Adventures of Mike Bloomfield and Al Kooper (February 1969)
- Fillmore East: The Lost Concert Tapes 12/13/68 (med Mike Bloomfield, spelt inn 1968, gjeve ut i april 2003)
- Kooper Session (med Shuggie Otis) (1969)
- Let it Bleed, The Rolling Stones album (1969), horn, piano og orgel på «You Can't Always Get What You Want».
- Johnnie B. Live (med Johnnie Johnson) (1997)
Samlealbum
[endre | endre wikiteksten]- Al's Big Deal – Unclaimed Freight/An Al Kooper Anthology (1975)
Medverkar på
[endre | endre wikiteksten]- Child Is Father to the Man - Blood, Sweat & Tears (1968)
- In My Own Dream - The Butterfield Blues Band (1968)
- Pronounced Leh-Nerd Skin-Nerd – Lynyrd Skynyrd (1973)
- Second Helping – Lynyrd Skynyrd (1974)
- Nuthin' Fancy – Lynyrd Skynyrd (1975)
- 4 on the Floor – 4 on the Floor (1979)
- Rare and Well Done (September 2001)
- He's A Rebel: The Gene Pitney Story Retold (2002)
- Freak Out – Chris Catena (2004)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al Kooper» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Discography (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 543–544. ISBN 1-84195-017-3.
- ↑ Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 232. CN 5585.
- ↑ Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 259. CN 5585.
- ↑ Daniel Kreps (23. februar 2015). «Kid Rock, Keith Richards Help Induct Crickets, Muscle Shoals into Musikars Hall of Fame | Music News». Rolling Stone. Henta 19. april 2014.