Al-Sanamayn
Al-Sanamayn | |||
الصنمين | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Al-Sanamayn-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Sanamayn | ||
Høgd | 640 moh. | ||
Koordinatar | 33°04′16″N 36°11′3″E / 33.07111°N 36.18417°E | ||
Folketal | 26 268 (2004) | ||
Tidssone | EET (UTC 2) | ||
Al-Sanamayn 33°04′16″N 36°11′03″E / 33.071111111111°N 36.184166666667°E | |||
Kart som viser Al-Sanamayn.
| |||
Wikimedia Commons: Al-Sanamayn |
Al-Sanamayn (arabisk الصنمين, òg skrive Sanamein, Sanamain, Sunamein) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement og senter i al-Sanamayn-distriktet. Han ligg 55 kilometer nord for Daraa og 50 kilometer sør for Damaskus. Av stader i nærleiken finn ein Kafr Shams i nordvest, Deir al-Bukht i nord, Jabab i nordaust, Bassir i aust, Tubna i søraust, Inkhil i sørvest og Qayta i vest.[1]
I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Sanamayn eit folketal på 26 268 i 2004. I tillegg til å vere senter i al-Sanamayn-distriktet, er byen òg det adminstrative senteret og den nest største byen i al-Sanamayn nahiyah («underdistrikt») som består av 16 busetnader med eit samla folketal på 113 316 i 2004.[2] Innbyggjarane i byen består hovudsakleg av sunnimuslimar.[3] Al-Sanamayn ligg 640 meter over havet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Romartida
[endre | endre wikiteksten]Namnet al-Sanamayn er arabisk for «Dei to idola.» Han har blitt identifisert som den romerske landsbyen Aere,[4][5][6] ein stasjon nemnt i Itinerarium Antonini på vegen mellom Damaskus i nord og Nawa i sør.[5] Eit tempel i al-Sanamayn er tileigna Tyche, den greske gudinna for lykke, og er datert til 191 fvt.[4][6] Eit anna var tilsynelatande tileigna den romerske varianten av gudinna, Fortuna, som var sentralt i statskulten til Bosra. Dette er datert frå tidleg til midten av 200-talet fvt. under regjeringstida til keisar Septimius Severus.[5] Ein inskripsjon frå Batanea frå regjeringstida til den romerske keisaren Julian den fråfalne på midten til seint på 300-talet vart oppdaga i al-Sanamayn.[7]
Islamsk mellomalder
[endre | endre wikiteksten]Ein fredsavtale mellom Baldwin I, krossfarar-kongen av Jerusalem, og Toghtekin, den muslimske herskaren i Damaskus vart signert ved al-Sanamayn i 1111.[8] Avtalen vart signert etter ein krossfararhær følgde muslimske styrkar til Lejah vart overrumpla og kringsett ved al-Sanamayn.[9] I desember 1168 samla Imad ad-Din Zengid ein hær ved al-Sanamayn for å sette i gang eit åtak mot Egypt for å hindre dei mistenkte ambisjonane om sjølvstende til Fatimid-vesiren Shirkuh, som opphavleg vart send til Egypt av Imad ad-Din Zengids for å hundre ein krossfararinvasjon. Imad ad-Din Zengid sultan Nur al-Din gav kvar soldat 20 dinarar før dei vart sende av stad.[10]
Staden vart vitja av ein syrisk mellomaldergeograf, Yaqut al-Hamawi i 1220-åra under Ajjubide-dynastiet, og han merka seg «ein by i Hauran, to marsjarar frå Damaskus.»[11] Frå Mellomalderen til i dag vart tempelet dedisert til Tyche nytta som moske. I dag er han òg ein av dei best bevarte romarbygningane i Syria.[6]
Den osmanske tida
[endre | endre wikiteksten]Som i andre byar langs hajj-ruta (den muslimske pilegrimsruta til Mekka), bygde den osmanske sultan Selim I ei festning i al-Sanamayn tidleg på 1500-talet. Lokale janitsarar vart sett i garnison i festninga i al-Sanamayn i motsetnad til Muzayrib i nærleiken, som vart bemanna av keisaren sine soldatar.[12] I 1596 vart byen i osmanske skattelister kalla Sanamayn og var ein del av nahiya Bani Kilab i Qadaen Hauran. Han hadde ein fullstendig muslimsk folkesetnad og bestod av 80 hushald og 37 ungkarar. Skatane vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, geiter og bikuber, og ei vassmølle.[13]
Midt på 1800-talet skreiv oppdagaren Josias Leslie Porter at ruinane av eit par tempel låg i byen og at den mest «slåande bygningen» var eit tempel i korintisk stil med ornament av kalkstein, som hadde blitt omgjort til ei kristen kyrkje. I tillegg skreiv han at det var restar av fleire store og vakre bygg, og at somme av husa er i den beste hauranske arkitekturstil.[5] Omtrent på same tida vart det av Royal Geographic Society skrive at al-Sanamayn var ein fullstendig muslimsk by med kring 60 hus og ein inngang markert av store basaltiske steinblokker.[14] Han høyrer til ein tyrkisk familie kalla Kawwas-oghlu som heldt leirplassar mellom byen og Khan Dannun i nord. Al-Sanamayn var godt forsynt med vatn.[15]
Moderne tid
[endre | endre wikiteksten]Mot slutten av andre verdskrigen hadde dei frie franske styrkane hovudkvarter i al-Sanamayn. Syria vart styrt av det franske mandatet på den tida.[16]
Al-Sanamayn vart av dei første byane som starta massedemonstrasjonar mot regjeringa til Bashar al-Assad den 18. mars 2011, i lag med andre byar i Hauran som Daraa, Inkhil, Jasim og Da'el. I følgje opposisjonsaktivistar skaut ikkje tryggingsstyrkane mot demonstrantane denne dagen.[17] Den 25. mars vart likevel 20 demonstrantar skotne og drepne av regjeringsstyrkaneetter at ein statue av president Hafez al-Assad, far til den noverande presidenten, vart sett i brann.[18] Ein aktivist i Damaskus hevda at fleire demonstrantar - så mange som 20 i følgje somme vitne - vart drepne under eit forsøk på å marsjere mot Daraa for å syne solidaritet før dei vart angripne av tryggingsstyrkar. Frå regjeringa vart det hevda at ei væpna gruppe gjekk til åtak på hovudkvarteret til den syriske hæren i al-Sanamayn.[19] Den 18. september vart ein elleve år gammal gut visstnok skogen i hovudet av tryggingsstyrkar under ein boikott av studentar i al-Sanamayn den første skuledagen i 2011-2012.[20]
Den 11. april 2013 vart byen gjenerobra av den syriske hæren.[21]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al-Sanamayn» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Burns, Ross (2005). Damascus: A History. London: Routledge. ISBN 0-415-27105-3.
- Butcher, Kevin (2003). Roman Syria and the Near East. Getty Publications. ISBN 0892367156.
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestina, Transjordan and Sør-Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Germany: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Gibb, H. A. R. (2003). The Damascus Chronicle of Crusades: Extracted and Translated from the Chronicle of Ibn Al-Qalanisi. Courier Dover Publications. ISBN 0486425193.
- Michie, Allan Andrew (1942). Retreat to Victory. Alliance Book Corporation.
- Nelles Guide (1999). Syria and Lebanon. Hunter Publishing, Inc. ISBN 3886181057.
- Peters, F. E. (1994). The Hajj: The Muslim Pilgrimage to Mecca and the Holy Places. Princeton University Press. ISBN 069102619X.
- Porter, Josias Leslie (1858). A Handbook for Travellers in Syria and Palestine 1. Murray.
- Royal Geographic Society (1846). The Journal of the Royal Geographical Society: JRGS 16. Murray.
- Satre, Maurice (2005). The Midtausten Under Rome. Harvard University Press. ISBN 0674016831.
- Shatzmiller, Maya (1993). The Crusades and Muslims in Twelfth-century Syria. BRILL. ISBN 9004097775.
- le Strange, Guy (1890). Palestina Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- ↑ Sanamayn Map. Mapcarta. Kart over al-Sanamayn og stader i nærleiken.
- ↑ Folketeljing 2004 Arkivert 2012-12-20 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
- ↑ Yassin-Kassab, Robin. After all this bloodshed, there is no going back for Syria. The Guardian. 2011-06-16.
- ↑ 4,0 4,1 Butcher, 2003, s. 237.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 Porter, 1858, s. 535.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Nelles Guide, s. 56.
- ↑ Satre, 2005, s. 209.
- ↑ Shatzmiller, 1993, s. 204.
- ↑ Gibb, s. 113.
- ↑ Burns, 2005, s. 159.
- ↑ le Strange, 1890, s. 530-531.
- ↑ Peters, 1994, s. 154.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 209.
- ↑ Royal Geographic Society, s. 335.
- ↑ Royal Geographic Society, s. 337.
- ↑ Michie, 1942, s. 82.
- ↑ Sterling, Joe. Daraa: The spark that lit the Syrian flame. CNN. 2012-03-01.
- ↑ Protests in Syria: Road to Damaskus. The Economist. 2011-03-26.
- ↑ Troops open fire as protests explode across Syria. USA Today. Originally published by Associated Press. 2011-03-25.
- ↑ Child shot dead i Syria protests. UPI. United Press International, Inc. 2011-09-18.
- ↑ Bassem Mroue (11. april 2013). «syrisk troops launch counterattack on south». Associated Press. Arkivert frå originalen 15. mai 2013. Henta 15. april 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Burns, Ross. Bilete av romartempelet i al-Sanamayn. Monuments of Syria.