Al-Hirak i Syria
al-Hirak | |||
الحراك | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Izra-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Hirak | ||
Koordinatar | 32°45′4″N 36°18′19″E / 32.75111°N 36.30528°E | ||
Folketal | 20 760 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC 2) | ||
Al-Hirak i Syria 32°45′04″N 36°18′19″E / 32.75111111°N 36.30527778°E | |||
Kart som viser Al-Hirak i Syria.
| |||
Wikimedia Commons: Al-Hirak, Syria |
Al-Hirak (arabisk الحراك, òg skrive al-Hrak eller Herak) er ein liten by sør i Syria, som administrativt høyrer til Izra-distriktet i Daraa guvernement. Han ligg kring 40 kilometer nordaust for Daraa, og er omgjeve av byane Maliha al-Gharbiyah i aust og Izra' i nordaust. I 2004 talde Statistisk sentralbyrå i Syria eit folketal på 20 760 i al-Hirak.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]
Den syriske borgarkrigen
[endre | endre wikiteksten]Under den syriske borgarkrigen tente al-Hirak som base for millitante opprørarar som Den frie syriske armeen (FSA). Den 6. mars 2012 vart byen hard skadd under kampar mellom den syriske hæren og FSA, ein kamp som av det britiske-baserte Syrisk observatorium for menneskerettar som «særs intens». Bustadområde og Abu Bakr al-Saddiq-moskeen tener som militærbase for dei militante og vart i følgje rapportar bomba av den syriske hæren.[3] Under slaget tok FSA eit pansra kjøretøy frå den syriske hæren i eit bakhaldsåtak og fem soldatar mista livet. Ein 15 år gammal gut skal ha blitt skoten og drepen av ein statleg skarpskyttar.[4] «Al-Herak-moskeen» er oppført på Global Heritage Fund si liste over øydelagd kulturarv i Syria under borgarkrigen.[5] I juli 2012 flykta kring 4 000 innbyggjarar flyta til nabobyane i Syria eller Jordan.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Al-Hirak, Syria» frå Wikipedia på engelsk, den 19. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Smith, Eli; Robinson, Edward (1841). Biblical Researches in Palestine, Mount Sinai and Arabia Petraea: A Journal of Travels in the Year 1838 3. Crocker and Brewster.
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
- ↑ Smith, 1841, s. 151.
- ↑ Syrian government forces 'shell rebel-held towns'. BBC News. 18. april 2014. Henta 18. april 2014.
- ↑ Syrian troops shell village in assault on army defectors. The Guardian. 18. april 2014. Henta 18. april 2014.
- ↑ Damage to the soul: Syria's cultural heritage in conflict({{WebCite|)
- ↑ [1]