Hopp til innhald

Aksu i Tyrkia

Koordinatar: 37°32′48″N 36°51′59″E / 37.546755°N 36.866298°E / 37.546755; 36.866298
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Aksu (i antikken kalla Kestros, gresk Κεστρoς) er ei elv i provinsen Antalya sørvest i Tyrkia. Ho spring ut i Toros. Aksu renn mellom Düden i vest og Köprüçay i aust.

Elva er nemnd av Pomponius Mela som ei farbar elv heilt opp til Perga, om lag 11 km frå munningen i følgje Strabon.

Aksu er 100 meter brei ved munningen og tre meter djup. Ved kjelda ligg Kovadasjøen og like nedanfor ligg Karacaörendammen.

37°32′48″N 36°51′59″E / 37.546755°N 36.866298°E / 37.546755; 36.866298