Aker Brygge
Aker Brygge | |||
| |||
Aker Brygge i bakgrunnen. Kaiene i framgrunnen ligg framfor Rådhusplassen og høyrer ikkje til Aker Brygge. Foto: Chris Nyborg | |||
Aker Brygge 59°54′35″N 10°43′36″E / 59.909722222222°N 10.726666666667°E |
---|
Aker Brygge er eit bustad- og kontorstrok med eit kjøpesenter i Oslo. Området ligg ved Indre Oslofjord i nærleiken av Rådhuset, på det tidlegare verftsområdet i Vika der Akers mekaniske Verksted AS låg til verksemda vart lagt ned i 1982. Utbygginga av Aker Brygge vart gjennomført i fire steg, der første byggjesteget stod ferdig i 1986 og det fjerde og siste byggjesteget stod ferdig i 1998. Men området har seinare vorte endra og ombygd monaleg. Heile eigedomsmassen er på 260 000 m2.
Området består av eit kjøpesenter med butikkar og restaurantar, konferanselokale, kontorlokale og leilegheiter. I tillegg finst det ei småbåthamn. Ferjeterminalen for passasjerbåtane til Nesodden og i ruta til Vollen/Slemmestad ligg dels på Aker Brygge, dels på Rådhusplassen, men vert vanlegvis sagt å liggje på Aker Brygge.
Tjuvholmen, eit gamalt kaiområde som likeeins er utbygd med kontor- og bustadblokker, og dessutan eit kunstmuseum og anna, ligg i tilknyting til Aker Brygge, skild frå Aker Brygge med den gamle tørrdokken på skipsvertet. Tørrdokken er no permanent vassfylt, som ein liten skipsforma kil inn mellom bygningane, og med eit par gangbruer over.