Aijā
«Aijā» Song av Sudden Lights | ||
Land | Latvia | |
Språk | Engelsk og latvisk | |
Utgjeve | 27. januar 2023 | |
Sjanger | Indierock | |
Lengd | 03:01 | |
Selskap | Gjeven ut på eige forlag | |
Låtskrivar(ar) | Andrejs Reinis Zitmanis, Kārlis Matīss Zitmanis, Kārlis Vārtiņš, Mārtiņš Matīss Zemītis |
---|
«Aijā» (norsk omsetjing ‘kom igjen’) er ein indierocklåt med det latviske bandet Sudden Lights. Songen blei gjeven ut 27. januar 2023 og var det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[1][2][3]
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Aijā» er skriven av bandet sjølv, og blei skriven med formål om å vere ein slags voggesong.[4] I eit intervju uttalte bandet at songen skal distrahere lyttaren og få dei til å gløyme «alt det vonde som skjer i verda».[4] Målet er også at sjåarane og lyttarane skal oppleve framføringa av songen som ein «rockekonsert på scena».[5] Songen har engelsk tekst, med eit avsluttande vers på latvisk.
«Aijā» var eit av bidraga i den latviske songtevlinga Supernova 2023, i regi av den latviske kringkastaren LTV. Vinnaren fekk representere Latvia i Eurovision Song Contest. Songen vann finalen laurdag 11. februar 2023 og blei med det det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.[6] Latvia deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023. Der enda «Aijā» på ellevteplass, berre 3 poeng bak tiandeplassen. Sidan låten ikkje blei blant dei ti beste, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[7][8]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Latvia (LAIPA)[9] | 3 |
Latvia Domestic Airplay (LAIPA)[10] | 3 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Matamis, Apostolis (27. januar 2023). «Sudden Lights:"We want the audience to have the feeling of a rock concert" | Exclusive Interview». Eurovision News | Music | Fun (på engelsk). Henta 15. februar 2023.
- ↑ Veen, Renske ten (11. februar 2023). «Sudden Lights win Supernova final and will represent Latvia at Eurovision 2023 with "Aija"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 15. februar 2023.
- ↑ «Latvia: 'Supernova' victory for Sudden Lights with 'Aijā'». eurovision.tv (på engelsk). 11. februar 2023. Henta 15. februar 2023.
- ↑ 4,0 4,1 Dibben, Jazzi (26. januar 2023). «Sudden Lights: “It’s the lullaby that we sing to ourselves and all the people listening to our song!». That Eurovision Site (på engelsk). Henta 15. februar 2023.
- ↑ Matamis, Apostolis (27. januar 2023). «Sudden Lights:"We want the audience to have the feeling of a rock concert" | Exclusive Interview». Eurovision News | Music | Fun (på engelsk). Henta 15. februar 2023.
- ↑ Veen, Renske ten (11. februar 2023). «Sudden Lights win Supernova final and will represent Latvia at Eurovision 2023 with "Aija"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 15. februar 2023.
- ↑ «Eurovision 2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 15. februar 2023.
- ↑ «First Semi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.
- ↑ «Mūzikas Patēriņa Tops/ 07. nedēļa» (på engelsk og latvisk). LAIPA. 19. februar 2023. Henta 18. juni 2023.
- ↑ «Latvijas radio stacijās spēlētākās dziesmas TOP 13. nedēļa» (på latvisk). LAIPA. 27. mars 2023. Henta 28. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Aijā» frå Wikipedia på bokmål, den 2. desember 2023.